Regional næringsutvikling
Dato: 28.01.2026 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Noreg er eit land med store skilnader med omsyn til geografi, ressursar, historie og kultur. Det gir ulike rammer for verksemder og næringsmiljø og ulik tilgang på relevante samarbeidspartnarar, kunnskap og arbeidskraft. For å nå målet om at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping, er det viktig å tilpasse arbeidet med næringsutvikling til regionale tilhøve.
Regional næringsutvikling handlar om å utnytte dei regionale forskjellane til beste for den enkelte region. Å bygge vidare på styrkene regionen har, gir større potensial for næringsutvikling i ein region. Distriktspolitikken representerer ein særskild innsats retta mot område med spreidd busetnad og store avstandar. Distriktsområde har ofte små arbeidsmarknader, mindre variert næringsstruktur, små næringsmiljø, store avstandar og ein mindre nærmarknad.
Distriktsnæringsutvalet (NOU 2020: 12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn) har greidd ut om kva betyding næringslivet har for å nå distriktspolitiske mål. Ein viktig del av arbeidet har handla om å beskrive kva god lokal og regional næringspolitikk er, og å synleggjere kva som fremjar eller hemmar lønsam næringsverksemd i distrikta.
Meir om regional næringsutvikling
Arbeidsplassar og arbeidskraft er ein føresetnad for vekstkraftige regionar. Stabile og gode rammevilkår er viktig for at næringslivet skal kunne skape og ta vare på arbeidsplassar. Sentrale rammevilkår er kronekurs, rentenivå, skatte- og avgiftsregime, lovar og reglar, tilgang til marknader og offentlege tenester. Transportinfrastruktur og infrastruktur for kunnskap og kompetanse er òg sentrale faktorar.
I rammevilkåra ligg òg reduksjon i arbeidsgivaravgifta i særskilde område i landet. Storleiken på avgiftsreduksjonen varierer ut frå kvar verksemda er lokalisert. Differensiert arbeidsgivaravgift er den mest omfattande distriktspolitiske ordninga.
Nokre ordningar kan berre nyttast innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Dette gjeld mellom anna distriktsretta investeringsstøtte, som Innovasjon Noreg gjev. Denne ordninga er heimla i EU-retningslinjene for regionalstøtte, som gjeld i heile EU/EØS-området. Reglane for offentleg stønad tillèt noko høgare stønad til verksemder som er lokaliserte i verkeområdet, samanlikna med andre verksemder. Les meir om verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte her.
Den næringsretta regional- og distriktspolitiske innsatsen omfattar fleire tiltak. Kommunal- og distriktsdepartementet har ordningar retta mot både distrikt og region. Dei distriktsretta inkluderer låne-, garanti- og tilskotsordningar, og tilskot til butikkar i område med få innbyggjarar. Ordningane retta mot regional utvikling inkluderer bedriftsnettverk, mentorprogrammet, inkubasjonsprogrammet og næringshageprogrammet.
Er du på jakt etter informasjon om ordningar di verksemd kan søkje om? Den nye portalen Én vei inn er inngangsporten til verkemiddelapparatet. Her kan du fylle ut eit skjema og bli rettleia om kva for tilbod som passar best for deg. Løysinga viser deg automatisk til Innovasjon Noreg, Siva, Forskingsrådet, kommunen eller fylkeskommunen.
I enkelte tilfelle er tapet av arbeidsplassar i ein kommune så omfattande at staten og fylkeskommunane kan stille opp med særskilde verkemiddel.
Utfordringane i arbeids- og næringslivet varierer, i og mellom fylka. Det krev ein regionalt tilpassa næringspolitikk. Både regjeringa, OECD og EU tilrår å utnytte desse skilnadene, for å auke verdiskapinga.
Smart spesialisering er ein metode fylkeskommunane bør nytte i sitt strategiske arbeid for næringsutvikling, kompetanse, forsking og innovasjon. Strategiar for smart spesialisering skal fremme fornying og omstilling, ved å styrke utviklinga på dei næringsområda der regionen effektivt kan kople ressursar og kompetansefortrinn med marknadspotensial.
For å kunne tilpasse næringspolitikken til fortrinn i eigen region, forvaltar fylkeskommunane store delar av dei regional- og distriktspolitiske midlane. Basert på prioriteringar regionalt, gir fylkeskommunane oppdrag til Innovasjon Noreg. Dei brukar òg ein del av midlane på prosjekt som skal leggje til rette for utvikling av verksemder i eige fylke.
Kvart år inviterer KDD alle fylkeskommunane til ein verkstad for regional utvikling. Verkstaden er ein arena for fylkeskommunane og deira medspelarar, for erfaringsdeling og utvikling av god praksis.
Kommunal- og distriktsdepartementet har ei viktig samordningsrolle. Departementet skal gjere sitt til at tiltak og prioriteringar i dei ulike sektorane gjev grunnlag for at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping, og for at folk har tilgang på arbeid, bustad og gode tenester nært der dei bur.