Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon (Kgl.res. 27.09.2024) fastset føremål for den statlege lokaliseringspolitikken, og vurderings- og prosedyrekrav i samband med lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.

Retningslinjene gjeld ved:

  • etablering av nye statlege verksemder og strukturendringar
  • omlokalisering av eksisterande verksemder og nedlegging av enkeltkontor
  • etablering av nye einigar under eksisterande verksemder

Den statlege lokaliseringspolitikken skal mellom anna medverke til at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo eller sentrale kommunar i Oslo-området . Vekst i eksisterande verksemder, og som har ein regional kultur, skal i hovudsak skje utanfor dei største byane.

Ved oppretting av ny verksemd eller nye einingar, og ved utflytting frå Oslo, eller sentrale kommunar i Oslo-området, skal vurderinga innehalde alternative stader for lokalisering. Minst tre alternativ bør vurderast, eit av alternativa skal vere i sentralitetsklasse 3 til 6. Unntak frå dette skal grunngjevast.

Fagdepartementa har det overordna ansvaret for at retningslinjene blir gjort kjende i underliggjande verksemder som er omfatta av retningslinjene, og for at retningslinjene blir følgde. Fagdepartementet skal varsle Kommunal- og distriktsdepartementet ved oppstart av prosessar.

Fagdepartementet gjer det endelege vedtaket om lokalisering av underliggjande verksemder, også nedlegging av organisasjonseiningar.

Forslag om å etablere eller å flytte statlege verksemder til Oslo eller sentrale kommunar i Oslo-området, skal alltid leggjast fram for regjeringa.

Det er også utarbeidd ei  rettleiing til retningslinjene for statleg lokalisering