Tenester på internett gjer liva våre enklare og tilgangen på informasjon betre. Internett er ein viktig infrastruktur for frie ytringar og debatt, distribusjon av kvalitetsjournalistikk frå redaktørstyrte medium, og gir dessutan tilgang til film, musikk, litteratur og tv. Samtidig har dei internasjonale teknologiplattformene, som står bak mange av desse tenestene, innteke dominerande posisjonar og fått stor økonomisk, politisk og kulturell makt. Resultatet er at plattformer som Meta, Google, TikTok og Apple har fått stor innverknad på den demokratiske samtalen i Noreg, måten vi innhentar informasjon på og måten vi kommuniserer med kvarandre på.

Redaktørstyrte medium er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati og kan fungere som ei motgift mot desinformasjon og faktafeil.  og er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Difor er det problematisk når plattformene blokkerer, dempar eller på anna vis modererer lovleg redaksjonelt innhald som er kvalitetssikra av redaktørstyrte medium i Noreg. Det kan utfordre både ytringsfridomen og pressefridomen. Sidan 2022 har difor kultur- og likestillingsministeren teke fleire initiativ til møter mellom representantar for norske redaktørstyrte medium og plattformselskapa. Formålet er å etablera betre dialog, og dessutan undersøkja moglegheita for at partane kunne gå saman om sjølvregulering som varetek omsynet til pressefridom og ytringsfridom i Noreg.

I EU er det teke fleire initiativ når det gjeld regulering av plattformene som regjeringa vurderer å følgja opp gjennom EØS-avtalen. Reguleringane har mellom anna som mål å sikra betre kontroll med ulovleg innhald, meir openheit og transparens, innføre plikt for plattformene til å vurdera om det er systemisk risiko knytt til deira eigne tenester, og dessutan likare konkurransevilkår. Les meir om aktuelle reguleringar og forslag til reguleringar her:

Dei viktigaste plattformselskapa, med unntak av X, har forplikta seg til å etterleva ei felles europeisk bransjenorm mot desinformasjon. Plattformene forpliktar seg mellom anna til å gjera spreiing av desinformasjon mindre økonomisk lønnsamt, å sikra større openheit om politisk reklame, å styrkja samarbeid med faktasjekkarar og gi betre tilgang til data for forskarar.

Sidan 2023 har Medietilsynet gått gjennom rapporteringa til plattformselskapa av korleis dei etterlever denne bransjenorma, særleg med tanke på tiltak som treffar norske brukarar, samt korleis dei rapporterer på norsk nivå.

Medietilsynet opplev at dei fleste tilbydarane tek arbeidet mot desinformasjon på alvor, og etterlever bransjenorma i større grad enn før. Samstundes vurderer Medietilsynet at kvaliteten på rapporteringa frå plattformene varierer kraftig. Det gjeld mellom anna korleis selskapa rapporterer om tiltak for å hindra algoritmisk og annonsefinansiert forsterking av desinformasjon, tiltak mot falske kontoar og kunstig skapt innhald, forskartilgang og samarbeid med faktasjekkarar.

I forklaringa si om ytringsfridom og mediepolitikk til Stortinget i november 2023, informerte kultur- og likestillingsministeren om at ho har fått ansvar for å koordinera regjeringa si innsats for å styrkja den digitale motstandskrafta til befolkninga. 12. februar 2024 heldt statsråden eit innspillsmøte der eit breitt spekter av aktørar frå privat og offentleg sektor deltok. Føremålet var å skaffa oversikt over korleis relevante aktørar arbeider for å styrkja den digitale motstandskrafta. Vidare ønskjer Kultur- og likestillingsdepartementet å leggja til rette for auka samhandling mellom aktørane, og dessutan avdekkja eventuelle behov for fleire tiltak.

16. juni 2025 lanserte regjeringa ein strategi for å styrkja motstandskrafta mot desinformasjon. Strategien tek mellom anna opp korleis vi kan:

  • Bidra til å styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga, slik at folk blir i stand til å sjølv vurdere om informasjon, bilete og videoar er truverdige.
  • Sikre ein kraftfull oppfølging av sosliale medium og andre internettplattformer og av påverknaden dei har på det offentlege ordskiftet. 
  • Vidareutvikle mediepolitikken for å bidra til at media er i stand til å oppfylle samfunnsoppdraget sitt i framtida òg.
  • Bidra til meir kunnskap om korleis desinformasjon blir spreidd i Noreg, og kva grad av konsekvensar det eventuelt får for det offentlege ordskiftet.
  • Styrkje arbeidet for ein heilskapeleg innsats mot desinformasjon og for god informasjonsflyt.