Pågåande saker for Efta- og EU-domstolen
Artikkel | Sist oppdatert: 09.01.2026 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit oversyn over verserande saker for Efta- og EU-domstolen der Noreg er involvert og representant frå UD oppnemnt som agent.
Saker for Efta-domstolen
E-19/25 EFTA Surveillance Authority v the Kingdom of Norway
Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om manglande gjennomføring av direktiv (EU) 2016/1148 om tiltak for å sikre eit høgt felles nivå for tryggleik i nettverks- og informasjonssystem (NIS-direktivet).
Norsk tilsvar: 8. desember 2025
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
E-20/25 EFTA Surveillance Authority v the Kingdom of Norway
Eftas overvakingsorgan (ESA) har saksøkt Noreg for Efta-domstolen med påstand om manglande gjennomføring av forordning (EU) 2018/151 som utfyller NIS-direktivet.
Norsk tilsvar: 8. desember 2025
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
E-22/25 EFTA Surveillance Authority v the Kingdom of Norway
Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om manglande gjennomføring av forordning (EU) 2019/881 om ENISA (EUs byrå for cybertryggleik) og om cybertryggleikssertifisering av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (cybetryggleiksforordninga).
Norsk tilsvar: 8. desember 2025
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
E-30/24 EFTA Surveillance Authority v Iceland
Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Island for Efta-domstolen med påstand om brudd på forordning (EF) 216/2008 (EASA-forordninga) og/eller EØS-avtala artikkel 28. ESA hevdar Island bryter nevnte regelverk ved ikkje å tillate overføring av pensjonsretter frå eit islandsk pensjonsfond til pensjonsordninga for tilsatte i EU-institusjonane.
Norsk skriftleg innlegg: 5. mai 2025
Munnleg høyring med norsk innlegg: 16. september 2025
Kontaktperson i UD: Marie Munthe-Kaas
Saker for EU-domstolen
C-595/25 Arriva Personenvervoer Nederland e.a.
Førespurnad frå ein nederlandsk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen tolkinga av forordning (EF) 1370/2007 om offentleg persontransport med jernbane og på veg (kollektivtransportforordninga) og direktiv 2012/34/EU om oppretting av eit felles europeisk jernbaneområde (jernbanedirektivet).
Norsk skriftleg innlegg: 22. desember 2025
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
C-535/25-C-537/25 Amazon Italia Logistica and others
Førespurnadar frå ein italiensk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om korleis direktiv 97/67/EF om felles reglar for utviklinga av eit indre marknad for posttenester i Fellesskapen og forbetring av tenestene si kvalitet (postdirektivet) kjem til bruk på Amazons verksemd i Italia.
Norsk skriftleg innlegg: 1. desember 2025
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Martin Richardsen
C-449/25 Serviciul pentru Imigrări al judeţului Bihor
Førespurnadar frå ein rumensk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av direktiv 2004/38/EF om fri personrørsle og Traktaten om den europeiske unionens verkemåte (TEUV) artikkel 21. Det viktigaste spørsmålet i saka er kva krav til føregåande opphald som er nødvendige for at tredjelandsborgarar skal få opphaldsrett i ektefellen eller partnaren sitt heimland.
Norsk skriftleg innlegg: 22. oktober 2025
Munnlig høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Martin Richardsen
C-442/25 SAS
Førespurnad frå ein svensk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV) artikkel 108(3) om statsstøtte, herunder om flyselskapet SAS må betale renter av støtte som SAS mottok under pandemien.
Norsk skriftleg innlegg: 28. oktober 2025
Munnlig høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
C-430/25 Gena
Førespurnad frå ein polsk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV) artikkel 45 og 21 om betaling av utflyttingsskatt, mellom anna betaling av utflyttingsskatt før realisasjon, og kor lang betalingsutsetjing ein skattytar kan få.
Norsk skriftleg innlegg: 24. oktober 2025
Munnlig høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
C-397/25 e-EFKA
Førespurnad frå ein gresk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av omgrepet minsteyting i artikkel 58 i europaparlaments- og rådsforordning (EF) 883/2004 om koordinering av trygdeordningar (trygdeforordninga), artikkel 4 om likebehandling (statsborgarskap) i same forordning, og Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV) artikkel 45 om fri rørsle for arbeidstakarar.
Norsk skriftleg innlegg: 10. oktober 2025
Munnlig høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Jo Høvik
C-391/25 Deutsche Umwelthilfe
Førespurnad frå ein tysk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av direktiv 2000/60/EF om fastsetjing av rammer for fellesskapen sin vasspolitikk (EUs rammedirektiv for vatn, vanndirektivet), inkludert rettsverknadene av manglande eller utilstrekkeleg grunngjeving for utsett frist for å nå miljømåla i vassforvaltningsplanane.
Norsk skriftleg innlegg: 2. oktober 2025
Munnlig høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Martin Richardsen
C-371/25 Tillsynsmyndigheten i konkurser
Førespurnad frå ein svensk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av rådsdirektiv 2008/94/EF om vern av arbeidstakarane ved arbeidsgjevarens insolvens (lønnsgarantidirektivet).
Norsk skriftleg innlegg: 9. oktober 2025
Munnlig høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Jo Høvik
C-330/25 RTÉ
Førespurnad frå ein irsk domstol om ei prejudisiell avgjerd frå EU-domstolen om tolkinga av direktiv 2003/4/EF om offentleg tilgang til miljøinformasjon (miljøinformasjonsdirektivet), og spørsmålet om korleis direktivet sin definisjon av «offentleg styresmakt» omfattar heilt eller delvis ein allmenn kringkastar.
Norsk skriftleg innlegg: 5. september 2025
Munnlig høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
C-51/25 Betaal Garant Nederland
Prejudisiell framlegging frå ein domstol i Nederland med spørsmål om tolking av direktiv 2015/2366 (betalingstenestedirektivet 2015) knytta til kva som utgjer ei betalingsteneste.
Norsk skriftleg innlegg: 5. mai 2025
Munnleg høyring med norsk innlegg: 3. desember 2025
Kontaktperson i UD: Jo Høvik
C-829/24 European Commission v Hungary
Kommisjonen har stemna Ungarn for EU-domstolen med påstand om at Ungarns «suverenitetslov» strir med ulike reglar i EUs pakt om grunnleggjande retter, e-handelsdirektivet, tenestedirektivet og personvernforordninga i tillegg til fleire indre marknadsreglar i Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV).
Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 29. april 2025
Munnleg høyring med norsk innlegg: 16. september 2025
Kontaktperson i UD: Oscar Nordén
C-798/24 Jautiva
Prejudisiell framlegging frå ein domstol i Latvia med spørsmål om mellom anna tolkinga av direktiv 2017/1132/EU (det generelle selskapsrettsdirektivet) artikkel 14(d) og forholdet til forordning 2016/679/EU (personvernforordninga) artikkel 5(1)(b). Saka reiser spørsmål om artikkel 14(d) krev at medlemsstatane sikrer at opplysingar om alle aksjeeiere skal bli offentliggjort.
Norsk skriftleg innlegg: 20. mars 2025
Inga nunnleg høyring
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
C-770/24 InfraGO et DB RegioNetz Infrastruktur
Prejudisiell framlegging frå ein domstol i Tyskland med spørsmål om tolkinga av einskilde avgiftsreglar i direktiv 2012/34/EU om oppretting av eit felles europeisk jernbaneområde (jernbanedirektivet).
Norsk skriftleg innlegg: 14. mars 2025
Munnleg høyring: 4. desember 2025 (Noreg holdt ikkje innlegg)
Kontaktpersonar i UD: Linn Edvartsen
C-363/24 Finansinspektionen
Prejudisiell framlegging frå Høgsta domstolen i Sverige med spørsmål om tolking av forordning 596/2014 (marknadsmisbruksforordninga). Saka gjeld spørsmål om opplysingar blir rekna for å være presise nok til å utgjere innsideinformasjon etter artikkel 7(2) i marknadsmisbruksforordninga.
Norsk skriftleg innlegg: 13. september 2024
Munnleg høyring (Noreg holdt ikkje innlegg): 21. mai 2025
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic
C-229/24 Brännelius
Prejudisiell framlegging frå Høgsta domstolen i Sverige med spørsmål om tolking av forordning 596/2014 (marknadsmisbruksforordninga). Saka gjeld spørsmål om når informasjon om utfallet av ei anskaffingsprosess skal bli rekna som offentleggjort («made public») etter marknadsmisbruksforordninga artikkel 7, og dermed ikkje lenger utgjer innsideinformasjon
Norsk skriftleg innlegg: 28. juni 2024
Munnleg høyring med norsk innlegg: 3. april 2025
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø
C-188/24 og C-190/24 WebGroup Czech Republic et NKL Associates and Others
Prejudisielle framleggingar frå ein fransk domstol med spørsmål om tolking av direktiv 2000/31/EF (e-handelsdirektivet). Sak C-190/24 reiser spørsmål om e-handelsdirektivet avgrensar tilgangen til å forby tilbydarar av trafikk- eller navigasjonsstøttetenester basert på geolokalisering å vidareformidle opplysingar om visse former for trafikkontrollar som setjes fram av tenestas brukerar gjennom tjenesta.
Norsk skriftleg innlegg i sak C-190/24: 2. juli 2024
Munnleg høyring med norsk innlegg: 24. mars 2025
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic og Linn Edvartsen
Saker for Underretten
T-15/25 Nvidia v Commission
Ugildssøksmål som Nvidia har reist mot Kommisjonen. Saka gjeld spørsmål om fusjonskontrollen, nasjonale styresmakters kompetanse og moglegheita til å vise saker til Kommisjonen etter forordning 139/2004 (fusjonsforordninga) artikkel 22.
Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 25. september 2025.
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Oscar Nordén
T-8/24 Meta Platforms Ireland v EDPB
Ugildssøksmål som Meta Platforms Ireland Limited har reist mot eit vedtak fatta av det europeiske personvernrådet (EDPB). Vedtaket blei gjort etter oppmoding frå det norske Datatilsynet. Saka reiser spørsmål knytte til tolkinga av forordning (EU) 2016/679 (personvernforordninga).
Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 19. september 2024
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktpersonar i UD: Bojana Stankovic og Marie Munthe-Kaas