Fall i internasjonale prisar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 17.11.2017
Verdsmarknadsprisane på kjøt og meierivarer gjekk ned i oktober, medan prisane på egg og kylling auka i EU. FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) sin prisindeks for landbruksvarer gjekk ned 1,3 prosent frå september til oktober. Nedgangen skuldast lågare prisar på kjøt og meieriprodukt.
Smørprisen har gått kraftig ned, men den er framleis på eit høgt nivå. Kjøparar avventar situasjonen i marknaden, noko som har ført til fall i prisen. Prisane på skummamjølk- og heilmjølkpulver har gått ned den siste månaden, saman med prisen for tysk gouda. Prisane på emmenthaler synest å vere stabile.
Stabile matkveiteprisar målt i norske kroner
Målt i amerikanske dollar gjekk prisane på europeisk matkveite ned i oktober. Men sidan amerikanske dollar vart svekka mot den norske krona på same tid, heldt prisane seg stabile målt i norske kroner.