Handel med jordbruksvarer
Alle land i verda vil sikre eigne innbyggarar nok og trygg mat, gjennom ein kombinasjon av eigen matproduksjon og handel med omverda. Noreg er eit høgkostland og med klima og topografi som påverkar økonomien i matproduksjonen. For å legge til rette for produksjon av mat i Noreg er det difor tollvern på viktige jordbruksprodukt.

Global matsikkerheit
Matsikkerheit er tilgang til nok, trygg og sunn mat, produsert på ein berekraftig måte. Verdas befolkning vil auke til 9 milliardar menneske i 2050. Mat-produksjonen må difor aukast med 70 prosent innan same tid. Dette er ei stor utfordring fordi vilkåra for jordbruksproduksjon blir endra som følge av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. Landbrukssektoren er avhengig av fungerande økosystem for produksjon av mat.

Importvernet for jordbruksvarer
Eit av dei viktigaste verkemidla i landbrukspolitikken for å sikre norsk produksjon, er importvernet på jordbruksvarer. For dei fleste jordbruksvarer som blir produsert i Noreg er det eit importvern. Samtidig er over 80 prosent av importen av jordbruksvarer tollfri. Dette gjeld mellom anna produkt som sukker, ris, tropisk frukt samt grønsaker utanom norsk sesong. I tillegg har alle u-land reduserte tollsatsar, og dei 52 fattigaste landa i verda har ikkje tollsats ved eksport av jordbruksvarer til Noreg.

Internasjonale avtalar og samarbeid
Noreg er ein handelsnasjon, og i internasjonal målestokk har landet ein liten, open økonomi. Den viktigaste organisasjonen for Noreg i handelssamanheng er Verdens handelsorganisasjon (WTO) som held til i Genève. Denne organisasjonen fastsett regler og retter for handel mellom landa. Særleg for små land er det viktig å ha eit sameint globalt regelverk som skapar føreseielege rammevilkår.
Aktuelt no

Norsk oppdeling av ostekvote godkjent i WTO
20.01.2021: Blant norske forpliktelser i WTO (Verdens Handelsorganisasjon) hører en importkvote for ost på 2480 tonn som er tildelt EU. Denne er nå endret etter at Storbritannia har gått ut av EU. Av kvoten på 2480 tonn er 299 tonn tildelt Storbritannia. EUs ostekvote til Norge er tilsvarende redusert med 299 tonn.

Fortsatt stabil og god matforsyning
24.04.2020: Matforsyningen til Norge har hittil fungert godt og markedene har vært åpne. Det har vært store svingninger i valutakurser, men i mindre grad på råvarepriser. Landbruksdirektoratet overvåker forsyningssituasjonen i Norge og inn til landet, og rapporterer regelmessig til Landbruks- og matdepartementet.
Siste nytt
- Nytt dyrehelseregelverk i EU behandles nå av Stortinget Nyhet 24.02.2021
- Svar på skriftlig spørsmål om eksport til land utenfor EØS Svar til Stortinget 06.10.2020
- Landbruks- og matministerens innlegg under Stortingets behandling av representantforslag om etablering av beredskapslagring av matkorn Svar til Stortinget 09.06.2020
- Fortsatt stabil og god matforsyning Nyhet 24.04.2020
- FN har utpekt år 2020 til Internasjonalt plantehelseår Nyhet 13.01.2020
- Landbruks- og matministerens svar på spørsmål nr. 12 Stortingets spørretime 20.11.2019 Svar til Stortinget 20.11.2019
- EFTA og Mercosur er enige om en ny handelsavtale Nyhet 24.08.2019