Internasjonale avtalar og samarbeid

Noreg er ein sterk tilhengar av handel. Generelt har Noreg ein svært stor eksport og import. Den viktigaste organisasjonen for Noreg knytta til handel er Verdens handelsorganisasjon (WTO) som holder til i Genève. Denne organisasjonen fastsett regler og retter for handel mellom landa. Særleg for små land er det viktig å ha eit godt regelverk.

Noreg har også eigne avtalar med andre land. Den viktigaste avtalen er EØS-avtalen. Utover denne avtalen forhandlar Noreg handelsavtalar gjennom EFTA-samarbeidet

I alle desse avtalane står handel med jordbruksprodukt sentralt.

WTO

Verdens handelsorganisasjon (WTO) blei etablert i 1995. 160 land er i dag medlemmer i organisasjonen. 

WTO ser til at medlemslanda følger retter og plikter som er bestemt i avtalane. Dei er også ansvarlege for nye globale handelsforhandlingar. 

På jordbruksområdet har ein sidan 2001 forhandla om eit nytt WTO-regelverk knytta til nasjonal landbruksstøtte, tollvern og ekportsubsidiar (Doha-runden). Fleire gonger har ein vore nær ei forhandlingsløysing. Av di at alle medlemsland må vere einige om forhandlingsforslaga har det likevel vore vanskeleg å finne felles løysinger. 

Medlemslanda arbeidar for å bli einige om eit arbeidsprogram for avslutning av forhandlingane innan juli 2015. Løpande oppdateringar om det daglege arbeidet og forhandlingane finn ein på WTO si heimeside.  

EØS-avtalen 

EØS-avtalen blei iverksett den 1. januar 1995. Den generelle landbrukspolitikken er ikkje ein del av avtalen. Avtalen omfatter likevel einskilde føresegner om handel med jordbruksprodukt. Bearbeida jordbruksprodukt som yoghurt, sjokolade, bakverk, pizza osv har ein eigen avtale som er beskrivne i protokoll 3 til EØS-avtalen. 

Protokoll 3 omfattar eit regelverk der ein skal utlikne skilnader i råvarepris mellom Noreg og EU. Dette for at næringsmiddelindustrien i Noreg og EU som bruker råvarene som innsatsvarer i si produksjon, skal kunne konkurrere på like vilkår. Situasjonen er likevel slik at EU eksporterar vesentlig meir bearbeida jordbruksprodukt til Noreg enn motsatt. 

For ubearbeida jordbruksprodukt som kjøt, ost, grønsaker og frukt, skal handelen med jordbruksvarer bli gjennomgått annakvart år med tanke på vidare liberalisering (EØS-avtalens artikkel 19). Forhandlingane skal gå føre seg innanfor partanes respektive landbrukspolitikk og vere innbyrdes gunstige.

Etter at Noreg implementerte EØS-avtalen er det inngått to artikkel-19 avtalar mellom Noreg og EU. Nye forhandlingar vil ta til på nyåret 2015. 

EFTAs handelsavtaler

EFTA-landa Noreg, Sveits, Island og Liechtenstein har i dag 25 handelsavtalar med 35 land. Gjennom desse avtalane og EØS-avtalen er svært mykje av Noregs handel dekt. 

Opphavleg forhandla EFTA-landa avtalar med nye land etter at EU hadde inngått ein handelsavtale med dette landet. I dei senere åra har EFTA lagt mindre vekt på dette og har nå inngått avtalar i Asia og Amerika med land der EU ikkje har avtalar. 

I alle avtalane er handel med varer svært viktig. Forhandlingsmotpartane ønsker ofte betydeleg betre høve til å eksportere sine jordbruksprodukt til Noreg. Noreg forsøker å finne balansen mellom åpnare handel og å ivareta omsynet til norsk jordbruksproduksjon. Noreg ber også i avtalane om noko auka muligheter for eksport av jordbruksprodukt. 

Mer informasjon er tilgjengeleg på EFTA si heimeside.