Prop. 166 S (2012–2013)

Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2013

Til innhaldsliste

4 Skattereglane for pensjonistar i 2013

Særskilde reglar for AFP- og alderspensjonistar

AFP- og alderspensjonistar har rett til eit særleg skattefrådrag som sikrar at pensjonistar med pensjon noko over minstepensjon ikkje betaler skatt av pensjonen. I 2013 utgjer skattefrådraget maksimalt 30 300 kroner og blir trappa ned mot høgare pensjonsinntekt enn 170 750 kroner. Frådraget blir trappa ned med ein sats på 15,3 prosent av pensjonsinntekt mellom 170 750 kroner og 259 800 kroner, og med ein sats på 6 prosent av pensjonsinntekt over 259 800 kroner. Frådraget er heilt utfasa ved ei pensjonsinntekt på om lag 538 000 kroner.

Særskilde reglar for uføre

Skattytarar som får uførepensjon fordi arbeidsevna er satt ned med minst to tredelar, og som ikkje samstundes får arbeidsavklaringspengar frå folketrygda, skal i 2013 ha eit særfrådrag i inntekta på 2 667 kroner per månad, dvs. 32 000 kroner for heile året. Er arbeidsevna satt ned med mindre enn to tredelar, skal skattytaren ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget blir gitt i alminneleg inntekt.

Uførepensjonistar kan skattleggast etter ein særskild skatteavgrensingsregel som sikrar at dei med låg inntekt og formue ikkje skal betale skatt. Denne regelen inneber at skattytarar som får uførepensjon fordi arbeidsevna er satt ned med minst to tredelar, ikkje skal betale skatt når nettoinntekta (alminneleg inntekt minus minstefrådrag pluss m.a. formuestillegg) er under 127 100 kroner for einslege og 116 700 kroner for gifte. Ved utrekninga av nettoinntekta skal ein leggje til 1,5 prosent av nettoformue over 200 000 kroner for einslege og 100 000 kroner for kvar ektefelle.

Skatteavgrensinga som følgje av skatteavgrensingsregelen blir trappa ned med inntekta. Dette skjer ved at trygdeavgift og felles-, kommune- og fylkesskatt skal setjast til 55 prosent av den alminnelege inntekta som overstig dei skattefrie grensene. I motsetnad til skattefrådraget for AFP- og alderspensjonistar, trappast fordelen ved skatteavgrensingsregelen ned mot all inntekt, og ikkje berre mot pensjonsinntekt. Skatteavgrensingsregelen skal nyttast når denne regelen gir lågast skatt. Regelen blir ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt og skatt på formue.

Skatteavgrensingsregelen gjeld også for skattytarar som har overgangsstønad eller etterlatnepensjon.

Minstefrådraget for pensjonsinntekter

Når skatten skal reknast ut, blir lønnsinntekter og pensjonsinntekter reduserte med eit minstefrådrag. I 2013 utgjer minstefrådraget for pensjonsinntekter 26 prosent av inntekta, men maksimalt 68 050 kroner. Til samanlikning er minstefrådraget for lønnsinntekter på 40 prosent av inntekta, men maksimalt 81 300 kroner.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt o.a. i 2013 er 4,7 prosent. Til samanlikning er trygdeavgift på lønnsinntekt 7,8 prosent.

Til forsida