- Marknaden er nøkkelen til effektive energisystem

Olje- og energiminister Tord Lien la vekt på behovet for effektive marknader for både fornybar kraft og gass då han talte under Bloomberg Future of energy summit i London.

- Velfungerande marknader og ein robust infrastruktur er heilt sentralt i alle energisystem. Norge er i ein unik posisjon ved at vi har eit overskot av fornybar energi og har potensial til å produsere endå meir rein energi. For å sikre best mogleg utnytting av energiressursane er vi avhengig av effektive marknader også i våre naboland, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

 

Olje- og energiminister Tord Lien i samtale med Bloombergs Angus McCrone under konferansen (Foto: HEV/OED).

Statsråden understreka også at gass spelar ei viktig rolle for den europeiske energiforsyninga.

- Norsk gass er ein påliteleg partner for uregulerbar fornybar energi, som vind og sol. Gassen kan også bidra til lavare CO2-utslepp ved at den erstattar kol i elektrisitetsproduksjonen i Europa. Med eit tydeleg signal gjennom ein pris på karbon vil norsk gass bli endå meir konkurransedyktig. Norge leverer om lag 20 prosent av gassforbruket i EU og vil vere ein stabil leverandør i lang tid framover, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Olje- og energiminister Tord Lien i møte med Bloombergs Michael Liebreich (foto: HEV/OED).

Future of energy summit er ein konferanse i regi av analysebyrået Bloomberg New Energy Finance. Konferansen samlar leiarar i energibransjen og energipolitikarar frå fleire europeiske land.