78 millionar til tiltak for barn, unge og sårbare grupper

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Som følgje av pandemien og konsekvensane av smitteverntiltaka føreslår regjeringa å løyve 78 millionar kroner retta mot barn, unge og sårbare grupper. Pengane skal gå til ulike tiltak i regi av frivilligheita, som sosiale aktivitetar, hjelpetelefonar og tiltak for å førebyggje vald og overgrep.

– Vi har levd lenge med pandemien no, og barn og unge har bore ei stor byrde. Heimeskule, stengde fritidsaktivitetar og andre smitteverntiltak har bidratt til auka einsemd og meir isolasjon heime. Dessverre har fleire som allereie har det vanskeleg, fått det verre. Vi veit at denne krisa rammar skeivt. No kjem det ekstra midlar til tiltak vi trur treffer godt slik ting er no, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

– Pandemien har hatt og har framleis stor innverknad på kvardagen til barn og unge. Målet med å styrkje desse tiltaka er å redusere belastinga og betre tryggleiken for dei som har det vanskeleg. Frivilligheita har ei sentral rolle når det gjeld å ta vare på barn og unge og sårbare grupper.

Tiltakspakka på 78 millionar blei lagd fram i dag. Den føreslåtte løyvinga skal mellom anna gje ekstra midlar til informasjonstiltak for å gjere tenester for barn, unge og foreldre betre kjende. Vi foreslår også å styrkje fleire hjelpetelefonar som Alarmtelefonen, hjelpetelefonen Kors på halsen drive av Røde Kors og Mental helse sin hjelpetelefon Foreldresupport.  

Uroa for konsekvensane av pandemien

– Eg er uroa for kva konsekvensar smitteverntiltaka vil ha for barn og unge både på kort og på lang sikt. Eg er derfor glad for dei justeringane i smitteverntiltaka som lettar tiltaka for befolkninga og særleg for barn og unge. For meg er det viktig å sørgje for at barn og unge blir skjerma så mykje som mogleg i alle fasar av pandemien. Det beste for barn og unge er at skular, barnehagar og tenester til barn og unge er opne så langt det er mogleg, og at ein kan treffast på fritida som normalt.

Regjeringa føreslår å reetablere Stimuleringsprogrammet for frivilligheita med 50 millionar kroner.   Formålet er å motverke einsemd og passivitet, og skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplassar gjennom tiltak i regi av frivillige og ideelle organisasjonar og i kommunane.

– Vi er også bekymra for at smitteverntiltaka gjer det vanskelegare å avdekkje vald i nære relasjonar, og for at alvorsgrada aukar. Regjeringa føreslår derfor å auke løyvinga med 7, 5 millionar kroner til ei tilskotsordning som skal bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og ta hand om valdsutsette vaksne og barn, seier barne- og familieministeren.  

9,5  millionar til trus- og livssynssamfunna

Blant dei føreslåtte løyvingane er også 9,5 milionar kroner til digitale arrangement og tiltak i regi av trus- og livssynssamfunna. Midlane blir fordelte til Den norske kyrkja og paraplyorganisasjonane Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Norges kristne råd og Muslimsk dialognettverk. Paraplyorganisasjonane kan fordele midlane vidare til medlemsorganisasjonane sine.

– Trus- og livssynssamfunn har gjort ein viktig innsats under pandemien, og har utgjort ein stor forskjell for folk. Eg har stor tru på at kyrkja og kyrkjelege aktivitetar vil bety mykje i arbeidet som må skje etter pandemien er over eller går mot ei avslutning, for å byggje opp fellesskapet og sosiale aktivitetar i heile samfunnet, seier Toppe.

– Med lettingane som kom i går, kan vi igjen vere fleire i kyrkjer og andre forsamlingshus, men vi er framleis ikkje der at samfunnet har opna heilt opp. Derfor håper eg desse ekstra midlane vil komme godt med. 

Satsing på barn og unge i 2022-budsjettet

Tiltakspakka på 78 millionar kjem i tillegg til styrkingane i 2022-budsjettet som vart vedtekne i desember 2021. I budsjettet for 2022 blei også innsatsen for utsette barn og unge styrkt. Mellom anna gjeld dette arbeidet med psykisk helse blant barn og unge og arbeidet med å førebyggje sjølvmord.

Vidare er det løyvd midlar til å setje skular og barnehagar betre i stand til å følgje opp barn som har fått tapt fagleg og sosial læring. Innsatsen mot vald og overgrep er også styrkt. I tillegg er det løyvd midlar for å støtte opp om auka deltaking for barn og unge i ferie- og fritidsaktivitetar.

Dette er tiltaka som får ekstra midlar i tiltakspakka

  • 50 mill. kr til stimuleringsprogrammet for frivilligheita (Dam-stiftelsen)
  • 10 mill. kr til hjelpetelefonar: Alarmtelefonen for barn og unge (3 mill.), Røde Kors sin hjelpetelefon Kors på halsen (5 mill.) og Mental helse sin hjelpetelefon Foreldresupport (2 mill.)
  • 7,5 kr til tilskotsordninga til tiltak mot vald og overgrep
  • 9,5 mill. kr til digitale arrangement og tiltak i regi av trus- og livssynssamfunna
  • 1 mill. kr til informasjonstiltak for å gjere tenester for barn, unge og foreldre betre kjende