Betre skilting til innfartsparkering skal bidra til betre framkome

- Mange meiner at privatbilen ofte er det beste transportmiddelet på den første delen av reisa til jobben. Men dei ser samstundes at tid kan sparast ved å byte til kollektivtransport på den siste delen inn mot sentrum i storbyområda. For å leggje til rette for dette, ønskjer vi at bilistane skal få betre informasjon om moglegheita til å byte. Betre skilting til innfartsparkeringar kan bidra til å gjere kvardagen enklare. Folk kjem raskare på jobb, og lastebilane står mindre i kø, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I den politiske plattforma ønskjer regjeringa å stimulere til bygging av parkeringsplassar for innfartsparkering. Det er òg grunn til å vurdere om enkle grep kan gjere eksisterande innfartsparkeringar og dermed kollektivtransporttilbodet meir attraktivt.

Samferdselsdepartementet har difor sendt brev til Statens vegvesen og Jernbaneverket om at dei to etatane innan 1. desember i år skal sjå på moglegheita for betre skilting til innfartsparkeringar langs hovudvegane i dei store byområda.

Sanntidsinformasjon – på trafikkskilt og i app for mobiltelefon
Sanntidsinformasjon blir i dag nytta i kollektivtrafikken. Systemet er òg i bruk i fleire  parkeringshus for å informere om talet på ledige plassar.

Statens vegvesen og Jernbaneverket skal sjå på moglegheita for å utvikle skilt eller tavler langs hovudvegane som til dømes gir sanntidsinformasjon om talet på ledige plassar på innfartsparkeringane. Eventuelt kan sanntidsinformasjonen òg gi opplysningar om dei neste avgangane til dei kollektiv transportmidla, og kor mykje tid bilistane sparer på å byte til kollektivtransport samanlikna med å halde fram i trafikken som akkurat då er på vegen. I tillegg skal moglegheita for å utvikle ein app for mobiltelefonar til dette føremålet vurderast.

Dei to etatane skal innan 1. desember i år òg gi Samferdselsdepartementet  ei oversikt over stader langs hovudvegnettet som kan vere aktuelle for betre skilting til innfartsparkeringar og ein framdriftsplan for slik skilting.

For fleire opplysningar – sjå:

  • Brev av 2. oktober 2014 frå Samferdselsdepartementet til Statens vegvesen og Jernbaneverket (pdf)

 For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)