Håp om sterk vekst i norsk-polsk næringssamarbeid

- Det er godt mogleg å styrkje det omfattande norsk-polske samarbeidet ytterlegare, særleg innanfor sjømat, forsvarsteknologi og innovasjon, seier statsesekretær Dilek Ayhan.

Statssekretær Dilek Ayhan i Nærings- og fiskeridepartementet var i Polen for å delta på årsmøtet i Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD), 14. og 15. mai. Ayhan er viseguvernør i banken.

Statssekretær Dilek Ayhan i Nærings- og fiskeridepartementet møtte statssekretær Andrzej Dycha i det polske økonomidepartementet (Foto: NFD).

Ho møtte statssekretær Andrzej Dycha i det polske økonomidepartementet, og diskuterte korleis dei gode norsk-polske relasjonane kan styrkast ytterlegare. Ayhan møtte også representantar for ei rekkje selskap med norske eigarar, som er aktive i Polen. Dei har god tru på framgang og ser få problem med å drive verksemd i Polen.

– Det er flott at selskapa er fornøgde med rammevilkåra for å drive næringsverksemd i Polen. Når eg møter norske selskap utanlands er det sjeldan at ingen av dei meiner det finst spesielle vanskar. Dette lovar godt for endå meir samarbeid med Polen, seier Ayhan.

Det er no eigne norske fiskediskar i Tesco sine hypermarknader i Polen (Foto: NFD).

Sjømatrådet har i samarbeid med butikkjeden Tesco lansert eigne norske fiskediskar i Tesco sine hypermarknader i Polen. Tesco har merka seg at kundar som legg norsk fisk i handlekorga legg igjen meir pengar i butikkane enn dei som ikkje kjøper fisk. Statssekretær Ayhan opna fiskediskane under eit arrangement på Tesco sin hypermarknad Goclaw i Warszawa.

– Polen er blitt den viktigaste eksportmarknaden for norsk sjømat, og sjømatindustrien er ein av dei viktigaste industriane i Noreg. Polakkane et stadig meir norsk fisk, i tillegg til at dei bearbeider og vidareeksporter mykje fisk til EU. Fiskediskar med norsk fisk vil bidra til å styrkje det gode ryktet norsk sjømat har i Polen, samtidig som det gir eit godt bidrag til folkehelsa, seier Ayhan.

Fakta:

  • Samhandelen mellom Noreg og Polen var i 2013 på nesten 33 milliardar kroner. Eksport frå Noreg står for rundt 16 milliardar kroner. Samhandelen har auka jamt dei siste åra, opp 12 prosent i 2013. 
  • Sjømat er Noregs viktigaste eksportvare. I første kvartal 2014 er Polen Noregs viktigaste eksportmarknad for sjømat med ein verdi på 1,52 milliardar kroner. Det er ein auke på 26 prosent frå 2012. 
  • Noreg eksporterer 31 millionar sjømatmåltid om dagen. 2,4 millionar av desse går til Polen. 
  • Polen er Noregs niande største handelspartnar på importsida og nummer 12 på lista over Noregs største eksportmarknader.
  • Forutan fisk, eksporterer vi mineralolje og mineraloljeprodukt, metall, maskiner og utstyr.