Kollektivtransporten: Meir kundevenlege løysingar for elektronisk betaling og billettering

- Elektronisk billettering, basert på bruk av reisekort eller løysingar der ein nyttar mobiltelefon, er i sterk vekst. Dette viser at arbeidet på dette feltet har vore nyttig og må halde fram, seier statssekretær John-Ragnar Aarset i Samferdselsdepartementet.

- Elektronisk billettering, basert på bruk av reisekort eller løysingar der ein nyttar mobiltelefon, er i sterk vekst. Dette viser at arbeidet på dette feltet har vore nyttig og må halde fram. Vi har framleis ein veg å gå for å kome til eit nasjonalt, samkøyrt system for reiseplanlegging og billettering, seier statssekretær John-Ragnar Aarset i Samferdselsdepartementet. 

Aarset har i dag  i dag hatt eit møte der representantar frå Kollektivtrafikkforeningen, NHO Transport, NSB, Ruter AS, Forbrukarrådet, fylkeskommunane og Statens vegvesen, har drøfta status og vidare framdrift  for prosjekta ”Nasjonal reiseplanleggjar” og ”Elektronisk billettering”.

- Målet med møtet var å kaste lys over  tiltak som kan føre til at både trafikkselskapa og trafikantane kan få enda større utbytte av å bruke elektroniske løysingar. Vi drøfta også kva som må på plass for å få nasjonale løysingar.  Fleire av deltakarane tok til orde for sterkare statleg styring i prosjekta, som er prega av mange aktørar med dels ulike interesser. Alle la vekt på at  omsynet til kundane må stå i sentrum. Kollektivtransporten må vere enkel å bruke, og da må også dei elektroniske løysingane utformast på ein kundevenleg måte, seier statssekretær Aarset.

 

Foto: SD