Vis heile kalenderen

25.10.2014

  • Statsminister Erna Solberg deltek i 70-årsmarkeringa for frigjøringa av Øst-Finnmark

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Kirkenes

    Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg deltek i 70-årsmarkeringa for frigjøringa av Øst-Finnmark. H.M. Kongen og utanriksminister Børge Brende deltek òg i arrangementet som inngår i grunnlovsjubileet. Stad: Torget i Kirkenes. Statsministeren er tilgjengeleg for pressa etter arrangementet.

    Kl. 13.00: Markering ved 1944-tunnelen og Rørbua i Bjørnevatn. Det gamle badehuset, eller Rørbua, skal fredast av Riksantikvaren. Rørbua ligg like ved tunnelen der vel 3000 menneskjer søkte tilflukt oktoberdagane i 1944, før dei vart frisleppte av Den Røde Armé. H.M. Kongen og utanriksminister Børge Brende deltek òg i markeringa.

    Kl. 14.10: H.M. Kongen, statsministeren og utanriksministeren møter veteranar og fem av dei elleve som vart fødd i gruvegangen i 1944, samt representantar frå Gruvebyens vener. Pressa får være til stades i starten av arrangementet.

    Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.