Historisk arkiv

Utviklingstrekk i mjølkeproduksjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Tal frå våren 2014 viser at det er om lag 9 400 gardsbruk i Noreg som produserer mjølk. Det ble i 2013 produsert 1 525 millionar liter kumjølk i Norge og heile 91 prosent av mjølka ble brukt på den norske marknaden. I løpet av 2013 drakk kvar nordmann i gjennomsnitt 91 liter mjølk.

Talet på føretak med kumjølkeproduksjon har gått jamt nedover dei siste 16 åra. Frå 1998 til 2014 er det ein reduksjon på om lag 60 prosent. Utviklinga i mjølkeproduksjonen går i retning av færre, men større mjølkeprodusentar. Medan mengda produsentar går jamt nedover, aukar gjennomsnittskvoten.