Lien talte på Arctic Frontiers i Tromsø

Olje- og energiminister Tord Lien held innlegg på Arctic Frontiers i Tromsø i dag.

Med sine 1400 deltakarar frå 30 land har konferansen blitt ein viktig møteplass for diskusjonen om berekraftig utvikling i Arktis.

På konferansen snakka olje- og energiminister Tord Lien (Frp.) om utfordringa av å møte eit stadig aukande globalt energibehov og samtidig å kutte utslepp.

Lien minna om at den norske delen av Arktis er for det meste isfri takket vere Gulfstraumen og at villkåra i det norske Barentshavet likner på dei lenger sør på norsk sokkel.

- Aktiviteten i den norske delen av Arktis er underlagd dei same strenge miljø- og sikkerheitsreglene som elles på norsk sokkel, understreka han.

Lien la vekt på viktigheita til klimaavtalen frå Paris. Han viste til behovet for ein global pris på karbonutslepp, som CO2-avgifta Noreg innførte i 1991. Han gjekk også inn på rolla til gass og peika på at ein av dei mest effektive måtane å redusere drivhusgassutslepp på er å erstatte kol med gass.

Talen kan du lese her.

Statsråden hadde også gleda av å opne eit nytt teknologisenter ved Universitetet i Tromsø og møtte russiske og norske studentar frå Arctic Student Forum.Lien og Helgesen

(Olje- og energiministeren Tord Lien saman med klima- og miljøvernministeren Vidar Helgesen. Foto: ebm/OED)