Historisk arkiv

Astrup mottek rapport om politisk tillit

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Tysdag 15. september tek kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup imot ein fersk rapport om folk sin tillit til det politiske systemet som Storting, regjering og kommunestyret – og politikarar. Temaet er høgaktuelt no eitt år før stortingsvalet og under koronakrisa.

Det er Institutt for samfunnsforskning i samarbeid med NORCE Norwegian Research Centre som står bak rapporten. Dei har undersøkt utviklinga av politisk tillit over tid fram til 2019, med særlig blikk på lokaldemokratiet. Forskarane har mellom anna målt korleis tilliten varierer i ulike grupper innbyggjarar, over tid, etter kor stor kommune ein bur i, og om det er forskjell på tillit til politiske institusjonar og politikarar lokalt og nasjonalt. Sentrale tema er politisk tillit og val og medverknadsordningar – og kva som skjer med politisk tillit i krisetider.

Forskarane vil presentere hovudfunna i rapporten på eit seminar her i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det vil i tillegg bli ein pandeldiskusjon om korleis koronokrisa vil kunne påverke komande stortingsvalkamp.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup vil sjølv delta i paneldiskusjonen. I tillegg deltek forskar Johannes Bergh ved Instiutt for samfunnsforskning, professor Rune Karlsen ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo - og varaordførar i Oslo, Kamzy Gunaratnam. Aslak Bonde leier diskusjonen.

  • Tid: 15. september klokka 11.30-12.30
  • Stad: Auditoriet i R5
  • Adresse: Akersgata 59

Vi er opptekne av å følgje smittevernsreglane. For å få oversikt over kor mange som kjem, ber vi difor journalistar melde seg på seminaret ved å sende e-post til ke@kmd.dep.no.  

Du kan også sjå seminaret direkte på regjeringen.no tysdag klokka 11.30.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00