Bygginga av E39 Lønset–Hjelset er i gang

- Dette er ein gledens dag for Romsdal og Nordmøre. No er spaden satt i jorda, og bygginga av den nye vegen mellom Lønset og Hjelset er sett i gang. Bygging av veg skal løyse samfunnsutfordringar. Når det nye sjukehuset aust for Molde kjem, må vi sørge for at vegen til og frå sjukehuset er god nok. Det blir den no, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Strekninga mellom Lønset og Hjelset er den med lågast standard på E39 mellom Molde og Kristiansund. Den nye vegen blir 9,3 kilometer lang. Det vil bli tofelts veg med midtdelar og forbikøyringsfelt. Fartsgrensa blir 90 km/t. Det skal òg komme samanhengande gang- og sykkelveg på heile strekningen.

Utbygginga skal koste om lag 1,3 milliardar kroner og staten bidreg med 45 prosent av midlane.