Prop. 55 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av E39 på strekninga Lønset–Hjelset i Møre og Romsdal og endra kostnadsrammer i tre vegprosjekt

Proposisjonen handlar om utbygging og finansiering av E39 på strekninga Lønset–Hjelset øst for Molde i Møre og Romsdal. Prosjektet inneber bygging av 9,3 kilometer tofelts veg med midtdelar og forbikøyringsfelt med fartsgrense på 90 km/t. For å få tilfredsstillande trafikkavvikling til og frå det nye sjukehuset på Hjelset er det viktig å byggje ut strekninga. Prosjektet vil betre trafikktryggleiken og bumiljøet langs eksisterande E39. Med ny E39 vil dagens veg bli eit godt tilbod for lokaltrafikken og for gåande og syklande med samanhengande gang- og sykkeltilbod på heile strekninga frå Lønset til Hjelset. Kostnaden for prosjektet er rekna til 1 300 millionar kroner. Prosjektet er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. I proposisjonen er det óg forslag om å endre kostnadsrammer i tre vegprosjekt.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget