Meir om konklusjonane i stortingsmeldinga "Eit moderne og framtidsretta NRK"

Finansiering av NRK

Departementet meiner at endringar i teknologi og mediebruk gjer det nødvendig med ein ny modell for offentleg finansiering av NRK. Departementet reknar det som lite formålstenleg å knyte finansieringa av NRK til bestemte teknologiske plattformer i framtida. Skal finansieringa av NRK vere langsiktig og framtidsretta, bør finansieringsmodellen vere teknologinøytral.

Departementet arbeider difor vidare med ein modell der NRK finansierast gjennom ei øyremerkt medieavgift. Ein legg til grunn at medieavgifta skal krevjast inn anten som:

  • ei husstandsavgift,
  • ein øyremerkt skatt etter finsk modell, eller
  • ein øyremerkt skatt på eit fast beløp per person, med fritak for dei under ei viss inntekt og/eller som fyller andre kriterier

Når modellane er utgreidde vil dei bli vurdert opp mot ei ordning med ordinær finansiering over statsbudsjettet. Regjeringa sitt endelege val av innkrevjingsmodell vil vere basert på kva modell som gir låge administrative kostnader, lite byråkrati, stabil finansiering, sjølvstende for NRK og ikkje gir urimelege fordelingsmessige utslag.

I det komande lovarbeidet vil departementet avklare grunnlaget for innkrevjing, kven som skal stå for innkrevjing, og nærare avgrensingar, og leggje fram eit høyringsnotat før eit konkret lovforslag blir lagt fram for Stortinget. Departementet legg til grunn at ei ny ordning tidlegast kan innførast 1. januar 2019.

I dag tillèt regelverket at ein kan sleppe kringkastingsavgift dersom fjernsynsmottakaren blir plombert. Departementet vil sende på høyring eit forslag om at plombering av fjernsynsmottakar ikkje skal gi fritak for avgifta. Det kan redusere risikoen for at mange plomberer fjernsynsmottakaren for å sleppe å betale, før dei vil bli omfatta av ei eventuell ny medieavgift om få år. Dermed kan det bidra til at ein overgang blir mindre krevjande, og at inntektsgrunnlaget blir halde oppe i noko større grad i perioden fram til den nye finansieringsmodellen er innført.

Ny NRK-plakat

I tråd med konklusjonane i allmennkringkastingsmeldinga (Meld St. 38 (2015-2016)) opphevast NRK-plakaten og erstattast av ein ny og meir overordna NRK-plakat. NRK-plakaten skal takast inn i vedtektene til NRK og leggjast til grunn for meir detaljerte føresegner som generalforsamlinga i NRK har fastsett.

Plakaten som blei lagt fram i allmennkringkastingsmeldinga vidareførast med desse justeringane:

  • Det blir innført eit krav om at NRK skal vere til stades i alle fylke.
  • Det blir presisert at NRK skal ha eit særleg beredskapsansvar.
  • Det blir teke inn ei føresegn om at NRK skal vere til stades på, og utvikle nye tenester på, alle viktige medieplattformer, også internett, for å nå så breitt som mogleg ut med sitt samla programtilbod.
  • Det blir teke inn ei føresegn om at NRKs allmennkringkastingstilbod skal vere reklamefritt og ikkje skal innehalde spesielle salsfremjande tilvisingar til dei kommersielle tenestene og produkta til konsernet.

Fastsetting av fireårig styringssignal

Frå og med statsbudsjettet frå 2019 blir det innført eit fireårig styringssignal for dei økonomiske rammene til NRK. I samband med fastsetjinga av dei fireårige styringssignala vurderer departementet om det er behov for endringar i allmennkringkastingsoppdraget, og korleis NRK sitt tilbod påverkar kommersielle medium og det totale medietilbodet til publikum.

Eit forslag til eit fireårig styringssignal om NRK sine økonomiske rammer vil bli lagt fram av regjeringa i statsbudsjettet. Budsjettproposisjonen vil innehalde ei framskriving av NRK sine kostnader og ei vurdering av potensialet for å effektivisere drifta for dei neste fire åra. Stortinget blir i samband med behandlinga av statsbudsjettet invitert til å ta stilling til styringssignalet. Styringssignalet vil vere ein politisk ambisjon. Det faktiske finansieringsnivået vil bli fastsatt i det årlege budsjettvedtaket i Stortinget.

Vurdering av overføring av det statlege eigarskapet til ei stifting

Stortinget har i eit oppmodingsvedtak bede regjeringa vurdere om eigarskapen av NRK skal overførast til ei stifting. Formålet med ei eventuell delegering er å skape større avstand mellom regjeringa og journalistikken, og understreke NRK si rolle som folket sitt felleseige.  

Departementet meiner at det ikkje er openberre fordelar knytt til ei overføring av eigarskapen. Overføringa vil ikkje ha noko å seie for det redaksjonelle sjølvstendet til NRK sidan det er verna gjennom lov om redaksjonell fridom i media, og kringkastingslova. Ei løysing med ei eigarstifting vil innebere at ansvaret for å følgje opp NRK blir delt mellom Kulturdepartementet og stiftinga. Det vil kunne medføre ein risiko for uklar ansvarsdeling og meir byråkrati. Dette gjer at departementet legg til grunn at NRK bør vidareførast som eit statleg aksjeselskap, som staten ved Kulturdepartementet eig heilt og fullt.

Direktesending av store idrettshendingar

Stortinget har bede regjeringa "legge fram en sak om hvordan direktesending av store idrettsbegivenheter av nasjonal betydning i framtiden kan være tilgjengelig for det norske folk på en allmennkringkaster eller annen åpen kanal".  

I 2013 blei det vedteke reglar om utnytting av rettane til fjernsynsoverføring av hendingar som er viktige for samfunnet, jf. kapittel 5 i kringkastingsforskrifta. Formålet med reglane er å leggje til rette for at dei store idrettshendingane som er av størst nasjonal interesse, blir viste på fjernsynskanalar som folk flest får inn. Etter departementet si vurdering tek det gjeldande regelverket om hendingar som er viktige for samfunnet vare på formålet med oppmodingsvedtaket til Stortinget.

Vidarebruk av arkivet til NRK

Stortinget har i et oppmodingsvedtak bede regjeringa "bidra til at NRKs arkiv i større grad gjøres tilgjengelig for viderebruk, forutsatt at opphavsretten blir ivaretatt". Departementet vil vidareføre konklusjonane frå allmennkringkastingsmeldinga, som seier at arkivmaterialet til NRK skal gjerast tilgjengeleg for vidarebruk så langt det er praktisk og juridisk mogleg og presseetisk forsvarleg, og at dersom NRK tek betalt for å levere ut arkivmateriale, skal det skje til sjølvkost.