Forsida

Deponiet på Langøya vert forlenga

- I dag finst ingen reelle alternativ til Langøya for avfallsdeponi for handtering av farleg avfall i Noreg. Samstundes er vi forplikta etter internasjonalt regelverk å sikre nasjonal behandlingskapasitet for farleg avfall. Ei avvikling av drifta av deponiet allereie i 2024 ville derfor fått betydeleg negative konsekvensar for nasjonale interesser og internasjonale miljøforpliktingar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet har med bakgrunn i dette gitt avfallsselskapet NOAH og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark medhald i klage på Holmestrand kommune sitt vedtak av 16. august 2022. Kommunens vedtak innebar mellombels bygge- og deleforbod på Langøya i påvente av at kommunen skulle utarbeide ny reguleringsplan. Det mellombelse forbodet ville stengt for bygging av ei filterpresse som er naudsynt for å forlenge levetida til avfallsdeponiet.

-Avfallsselskapet NOAH handterer i dag farleg avfall frå ca. 75 verksemder i Noreg på Langøya, inkludert frå 17 av 20 forbrenningsanlegg. Det farlege avfallet inneheld helse- og miljøfarlege stoff og må handterast forsvarleg slik at det ikkje skapar forureining eller skade på menneske og dyr. Det er viktig både av omsyn til desse verksemdene og for trygg handtering av farleg avfall at deponiet vert forlenga, seier Gjelsvik.

Avgjerda frå Kommunal- og distriktsdepartementet inneber at Holmestrand kommune sitt vedtak om mellombels forbod mot tiltak på Langøya vert oppheva. Departementet har forståing for kommunen sitt ynskje om å styre den framtidige arealbruken på Langøya, men i denne konkrete saka meiner departementet at dei nasjonale interessene må vege tyngre. Kommunen kan fortsette arbeidet med sine planar, sjølv om drifta av Langøya held fram.

Sjå vedtaket her(PDF)