Donerer ambulansar til Ukraina

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Helse Midt-Norge gir bort fire ambulansar til Ukraina. Ambulansane som er stasjonerte i Ålesund vil bli ein del av hjelpa som trengs i det krigsherja landet. Dei køyrer sørover torsdag 24. mars.

– Det er viktig for oss å bidra der det trengs. Eg er stolt av engasjementet til fagfolka våre, og korleis heile helsenoreg hjelper til. Sjukehusa jobbar kontinuerleg for å identifisere det som kan svare på bistandsoppmodningane frå Ukraina og deira naboland. Det gjer vi no ved å donere fire ambulansar til Ukraina, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Det er høg aktivitet på europeisk nivå for å handtere bistandsoppmodningar knytt til krigen i Ukraina, og det blir i størst mogleg grad oppfordra til å berre tilby det som det blir bedt om.

Så fort ambulansar var noko Ukraina spurte om, blei dette tilbydd frå norske styresmakter. Ukraina tok imot tilbodet sundag 20. mars, og allereie 24. mars vil dei etter planen vere på veg. Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som organiserer dette, og får dei overlevert på eit mottakssenter i Polen.

Dei fire ambulansane er av typen Mercedes Sprinter og Volkswagen Transporter, og alle har hatt service og er i operativ stand.