Eigarmelding Avinor: Meir konkurransedyktig og effektive lufthamnar

– Det er viktig å sikre eit godt flytilbod over heile landet og gode flysamband mellom Noreg og utlandet. Det er bra for innbyggjarane, for næringslivet og for utviklinga av ei konkurransedyktig luftfartsnæring. Avinor skal utviklast vidare som ein kostnadseffektiv og konkurransedyktig aktør, og levere sikre og velfungerande lufthamn- og flysikringstenester og konkurransedyktige luftfartsavgifter.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at stortingsmeldinga "Verksemda til Avinor", også kalla eigarmeldinga, blei lagd fram for Stortinget onsdag.

I eigarmeldinga presenterer Samferdselsdepartementet Avinor sine planar og strategiar for åra framover og departementet sine vurderingar av Avinor sine planar og politikken for eigarstyringa av selskapet.

Meir effektiv drift

– Det er eit overordna mål for regjeringa at Avinor skal levere samfunnsoppdraget på ein effektiv måte. Det styrkar konkurranseevna til norsk luftfart, stimulerer teknologiutvikling og bidrar til eit stabilt føreseieleg kostnadsnivå. Avinor jobbar med  mange grep som både kan vidareutvikle bransjen, auke kvaliteten og skape betre fagmiljø, seier Solvik-Olsen.

Avinor jobbar med norske leverandørar om å investere i fjernstyrte tårn og sjølvkøyrande brøytebilar. Avinor legg også opp til å konkurranseutsette tårntenester og andre flysikringsteneseter på eigne lufthamner. Samferdselsdepartementet vil i samband med dette opne for at flysikringstenesta i Avinor skal få konkurrere i andre land.

Store investeringsplaner

Avinor legg opp til eit høgt investeringsnivå dei nærmaste åra. I tillegg til dei nye terminalane i Oslo og Bergen, som opnar i 2017, har Avinor konkrete planar om tiltak og investeringar ved fleire andre lufthamner, til dømes Trondheim, Tromsø og Kirkenes, og det skal gjerast store investeringar på flysikringsområdet. Avinor vurderer også tiltak på blant anna Florø, Ålesund, Trondheim, Lakselv og Harstad/Narvik. I tillegg greier Avinor ut ei eventuell ny lufthamn i Hammerfest og gjennomfører ein regional analyse om lufthamnstrukturen i Lofoten, Ofoten og Vesterålen i framtida.

Avinor ønskjer å vidareutvikle Oslo lufthamn både i nasjonal og internasjonal samanheng. Avinor har varsla at de meiner lufthamna kjem til å nå kapasitetsgrensa kring 2030, og ønskjer å vidareføre planarbeidet for ei tredje rullebane.

– Det er viktig og ønskjeleg å vidareutvikle Oslo lufthamn som eit nasjonalt og internasjonalt knutepunkt. Vi legg til grunn at Avinor held fram med å planleggje den nye rullebana, men for å unngå at store landareal blir bandlagt i lang tid, legg regjeringa til grunn at Avinor berre ser på det austre alternativet i den vidare prosessen. Det er usikkert når behovet for ei tredje rullebane oppstår, og regjeringa har ikkje teke stilling til spørsmålet om utbygging, seier Solvik-Olsen.

Miljøansvar ved norske lufthamnar

Regjeringa legger opp til at Avinor skal ta eit aktivt miljøansvar, både i kvardagen og i sine visjonar.

– Avinor skal vere ei drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten. Mellom anna blir det blanda inn berekraftig biojetdrivstoff i tankanlegget ved Oslo lufthamn. I tillegg arbeider Avinor for at lufthamnene skal kunne ta imot elektriske passasjerfly i framtida. Og Avinor skal arbeide for at reiser til og frå lufthamnene skal kunne gå for seg med kollektive transportmiddel. Allereie har Oslo lufthamn har den høgste kollektivdelen i Europa. Gjennom aktivt faglig og politisk arbeid ser eg mogelegheita for at Avinor og Norge kan være viktige bidragsytarar i å løyse viktige miljøutfordringar i den globale luftfarten, seier Solvik-Olsen.

Meld. St. 30 (2016–2017) - Verksemda til Avinor AS