Einigheit mellom staten og Unio i lønsoppgjeret i staten
Pressemelding | Dato: 29.04.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Eg er glad for at vi no også er kome til ei forhandlingsløysing med Unio, og at det dermed er semje om heile lønsoppgjeret i staten innanfor frontfagramma på 5,2 prosent, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Einigheten kom i dag. I går kveld blei det klart at staten hadde kome til einigheit med Akademikerne, LO stat og YS stat. Det er første gang sidan 2017 at det har blitt einigheit i lønsoppgjeret i staten utan at oppgjeret har gått til mekling.
I avtala med Unio skal heile ramma forhandlast lokalt.
Oppgjeret i 2023 er eit mellomoppgjer, der det berre blir forhandla om lønsregulering. Kommunal- og distriktsdepartementet representerer staten i forhandlingane med hovudsamanslutningane.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00