Endring av mandat og samansetjing for Barnevernsutvalet

Regjeringa gjer no endringar i mandatet til utvalet som ser på rettstryggleiken i barnevernet. Utvalet vert òg supplert med ein representant frå arbeidstakarsida og ein representant frå ideell sektor.

Hausten 2020 vedtok eit einstemmig storting at det skulle setjast ned eit ekspertutval for å sjå på rettstryggleiken i alle delar av barnevernet. Det opphavlege mandatet utvalet fekk, jamstiller kvalitet og rettstryggleik og avgrensar utvalet sitt arbeid til dei mest alvorlege sakene.

– Vedtaka barnevernet gjer, er kraftige inngrep i privatlivet til folk. Det stiller skjerpa krav til riktig og god handsaming i alle saker og eit barnevern som sikrar rettstryggleiken til både barn og foreldre. I samband med oppnemninga av utvalet vart det reist kritikk både av samansetjinga og av mandatet til utvalet. No har vi endra mandatet slik at det vert heilt klart at målet med arbeidet til utvalet er å betre rettstryggleiken i alle delar av barnevernet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

To nye medlemmar

Utvalet skal greie ut saker som har stor betydning for dei som jobbar i barnevernet. Erfaringa og kompetansen deira er viktig inn i arbeidet til utvalet. Forslag frå utvalet vil òg kunne ha konsekvensar for arbeidstakarsida. Regjeringa ønskjer også ein sterk ideell sektor i barnevernet, og vil gradvis fase ut store kommersielle aktørar.

– Derfor har eg supplert utvalet med ein representant frå arbeidstakarsida og ein representant frå ideell sektor. Eg har òg bede utvalet greie ut korleis vi kan innrette eit krav om autorisasjon for dei som skal jobbe med omsorgsovertakingar i barnevernet. Det er viktig å sjå dette i samanheng med andre tiltak som kan betre rettstryggleiken, seier Toppe.

Dei to nye medlemmane i utvalet er Mimmi Kvisvik og Elin Flatebø. Kvisvik har leia Fellesorganisasjonen (FO) sidan 2012. FO er fagforeining og profesjonsforbund for 32 000 barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar. Ho er utdanna sosionom og har arbeidd som helse- og sosialsjef før ho vart tillitsvald på heiltid i 2006. Flatebø er utdanna barnevernspedagog og har brei erfaring frå barnevernet, både frå kommunal barnevernsteneste og institusjon. Sidan 2016 har ho vore leiar for institusjonen

Brusetkollen, som vert driven av den ideelle organisasjonen Norske Kvinners Sanitetsforening.

Rettstryggleik i alle delar av barnevernet

Sviktande rettstryggleik har vore sentralt i dommane mot Noreg i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). I det reviderte mandatet er rettstryggleik løfta fram, og det er no tydelegare at målet med arbeidet til utvalet er å vurdere rettstryggleiken i alle delar av tenesta, ikkje berre dei mest alvorlege sakene.

Regjeringa vil sikre at barnevernet gir tryggleik og hjelp til barn og familiar som treng det, og at ein legg omsynet til barnets beste til grunn. Kompetanse, rettstryggleik og medverknad er viktige element i dette arbeidet. Rettstryggleik inneber krav både til korleis ein tek avgjerder, og til at grunnlaget for avgjerder har god nok kvalitet.

Les meir om Barnevernsutvalet.