Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Endringar i lov og forskrift som følge av Brexit

Justis- og beredskapsdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag til lov- og forskriftsendringar som ein følge av at Storbritannia går ut av EU.

Når Storbritannia forlèt EU 29. mars 2019 kl. 23.00 GMT (midnatt norsk tid), forlèt landet òg EØS og alle andre avtalar landet har i kraft av å vera EU-medlem. EU og Storbritannia er førebels einige om størstedelen av ein avtale om utmelding.

Det blir teke sikte på å speile dei relevante avtaleføresegnene i avtalen om utmelding mellom EU og Storbritannia i ein avtale mellom Noreg (og dei andre EØS/EFTA-statane) og Storbritannia.

Denne avtalen kan likevel ikkje ferdigstillast og underskrivast før avtalen mellom EU og Storbritannia er underskriven. For å sikre at det blir tid til ei forsvarleg høyring, sender departementet derfor ut forslaga til lov- og forskriftsendringar no. Forslaga er baserte på dei relevante delane av utmeldingsavtalen mellom EU og Storbritannia.

Forslaga byggjer på at det blir ein avtale om utmelding mellom EU og Storbritannia og ein avtale mellom EØS/EFTA-statane og Storbritannia. Dersom Storbritannia trer ut av EU utan avtale, må situasjonen vurderast på nytt.

Til toppen