Forholdstala for mjølkekvoter i 2017 er fastsett

Landbruks- og matdepartementet har gjennomført kvotedrøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. På bakgrunn av dette har Landbruks- og matdepartementet fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 0,98 og forholdstalet for disponibel kvote for geitemjølk til 0,96 for kvoteåret 2017. Dette er ein reduksjon sammenlikna med førre kvoteår for både produksjon av kumjølk og geitemjølk.

I møtet den 18. november 2016 gjorde Tine som markedsregulator greie for marknadssituasjonen i inneverande kvoteår og prognosane for innveid mjølkemengde og mjølkebehov i 2017.  Landbruks- og matdepartementet understreka at det er stor produksjonsvilje i norsk mjølkeproduksjon og at partane i jordbruksoppgjeret over tid har stimulert til nettopp denne auka interessa. Jordbruket meinte det var avgjerande å skape balanse i mjølkemarknaden. Dei påpeika at dersom forholdstalet ikkje vart redusert ville dette forverre situasjonen framover. Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag   tilrådde at forholdstalet for disponibel kvote skulle setjast til 0,98 for kumjølk, i samsvar med forslaget frå Tine. Faglaga la vekt på at eit samla jordbruk hadde gitt statsråden eit eintydig råd om å sette forholdstalet ned. 

– Eg meiner at endringa som no er gjort ikkje var naudsynt. Men ettersom faglaga la stor vekt på å redusere mjølkekvotene, har eg valt å akseptere denne løysinga. Eg vil samstundes minne om at dette vedtaket vil måtte påverke partane sine posisjonar i jordbruksforhandlingane til våren", seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.