Første møte i Oslofjordrådet

Statsråd Sveinung Rotevatn sitt innlegg ved det konstituerende møtet av Oslofjordrådet tirsdag 24. august 2021.

Sidan regjeringa la frem den Heilskaplege planen for Oslofjorden 30. mars i år har planen fått stor merksemd. Det skjønnar eg godt og det fortener han, for han famnar vidt og vedkjem mange av dei som bur ved fjorden og langs dei store elvane som drenerer til fjorden. Nokre meiner vi går for langt i forslaga som vart lagt frem, andre, ikkje så overraskande, meiner vi ikkje går langt nok.

Den heilskaplege planen for Oslofjorden er regjeringa si  plan for korleis vi kan gjere miljøtilstanden i fjorden betre. Mange andre departement står bak planen og fleire av dei har omfattande tiltak som dei har forplikta seg til å følge opp. Statssekretærar frå NFD, KMD og KUD er med på møtet her i dag.

Gjennom Oslofjordrådet ønsker eg å gjere planen også til dykkar plan. Derfor har eg bede dykk hit i dag for å konstituere Oslofjordrådet.

Oslofjorden er blant dei mest artsrike fjordane i Noreg, og det er den fjorden i Europa med størst aktivitet.  Det er ikkje berre fordi det bur mange her, men òg fordi det er mange som kjem hit både frå resten av landet, og frå utlandet. Vi kjem hit for å bade, fiske,  nyte hytte- og båtliv og for å få gode naturopplevingar.

Det bur 1,6 millionar menneske  langs fjorden.

Dei fire nasjonalparkane; Ytre Hvaler, Færder , Jomfruland og no Rauer vitnar om at Oslofjordområdet er verdfullt.

Kysten og havet har alltid vore viktig for menneska. Kulturminna viser at her har det fleire plassar vore busetting heilt sida istida.

Oslofjorden er slik både matfat, rekreasjonsområde, trafikkåre og kulturminne. Desse kvalitetane må vi ta vare på, slik at fjorden kan vere like verdfull for framtidige generasjonar.

 

Ein heilskapleg tiltaksplan er naudsynt

Fordi vi er mange som både brukar og påverkar fjorden treng vi ein heilskapleg forvaltning av heile Oslofjorden.

Tiltaksplanen for Oslofjorden vil bidra til ein betre og meir heilskapleg forvaltning. Vi vil samordne, supplere og forsterke det positive som allereie skjer i tilknyting til Oslofjorden.

I tiltaksplanen ser vi ulike planar, tiltak og aktivitetar i samanheng. Ein slik heilskapleg tilnærming er naudsynt for å sikre ein god, berekraftig bruk av Oslofjorden i dag, og i  framtida.  

Målet med tiltaksplanen er å oppnå god miljøtilstand, restaurere viktige naturverdiar, ha eit aktivt friluftsliv, og ta vare på naturmangfaldet. Det er derfor stor breidde på tiltaka i planen. Dei ulike tiltaka i planen vil til saman bidra til å betre miljøtilstanden i Oslofjorden.

 

Miljøtilstanden og påverknad

Miljøtilstanden i Oslofjorden er dårleg, og det er brei politisk semje om at dette må vi gjere noko med.

Torsken er nesten borte, tareskogane forsvinn og ærfuglen døyr. Vi gjødslar fjorden med det den ikkje treng: Næringsstoff, organisk materiala og sediment. Det gjer at fjorden slammast ned, ikkje får pusta og at algevekst skyt fart.

Landbruk og avløp er saman med klimaendringar dei største bidragsytarane til dette. I tillegg kjem miljøgifter som gjer at fisk og skaldyr ikkje kan etast i nokre område. Trålfiske er framleis ein påverkar på botnliv og på fisk som ikkje skulle blitt fiska.

Etter at regjeringa la fram planene har vi fått enda meir informasjon om stoda i fjorden vår. Til dømes ein rapport frå NIVA frå slutten av juni som visar ein ytterlegere forverring i Oslofjorden.

Sjøgras og algar, tang og tare, skal danna tett eng og skog på sjøbotnen. Desse skogane skal fungera som skjul, vekstområde og matfat for ein rekkje marine dyr og plantar. Slik er det ikkje i dag i Oslofjorden. Tvert om, desse oppvekstområda, gøymestadane og spiskammera for småfisken har verte færre og dårlegare. Dette kan vere ein viktig årsak til at det knapt er torsk å sjå i fjorden.

 

Men alt er ikkje berre svart!

Sjøauren er tilbake og har teke seg opp etter stor innsats frå mange frivillige, med økonomisk tilskot frå mellom anna miljøforvaltinga. Eit arbeide som skal styrkast.

Forbod mot fritidsfiske etter torsk vil gje resultat, om alle fylgjer reglane. Skarv, nise og sel greier seg bra. På begge sider av Oslofjorden finnes det faste bestandar av  steinkobbe, ca. 350 dyr i Østfold og ca. 300 i Vestfold.

Oslo kommune og Oslo Havn har hatt ein aksjon mot ulovlege stengsler og bygging i strandsona og saumfaret kommunens strandlinje for å sørge for at folks rett til fri ferdsel ikkje blir hindra.

Havforskingsinstituttet har nyleg kome med rapporten "Krafttak for kysttorsken". Denne gir eit verdfullt kunnskapsgrunnlag om korleis det står til i Oslofjorden. Denne kunnskapen er særs viktig slik at vi no kan målrette dei ulike tiltaka i Oslofjorden på ein god måte.

Kunnskapsgrunnlaget frå  Havforskingsinstituttet vil saman med tiltaka i Oslofjordplanen, bidra til  å få Oslofjorden på rett kjøl.

Det er ikkje eitt tiltak aleine som kan redde Oslofjorden. Vi må sjå alle dei 63 ulike tiltaka i samanheng. Samordna verkemiddelbruk er naudsynt for å redde Oslofjorden. Det òg viktig fordi det er mange kryssande interesser å ta omsyn til.

Det skal vere rom til både friluftsliv og rekreasjon, næringsfiske og landbruk. Vi skal ta vare på naturmangfaldet.  

De som er her i møtet for konstitueringa av Oslofjordrådet står og på lista over myndigheiter med verkemedel som skal takast i bruk.

Eg seier skal takast i bruk, ikkje kan takast i bruk, fordi situasjonen er alvorleg og krev handling.

 

Oslofjordråd

Alle har eit ansvar for å ta vare på Oslofjorden. Alle har eit ansvar for at vi no gjer det som er naudsynt for å få Oslofjorden frisk.

Eg ser at ting kunne vært gjort annleis opp gjennom åra, både frå statleg og kommunal side. Frå statleg side har vi eit ansvar for at regelverket er godt nok og at det finns finansiering for ein del av tiltaka. Men også kommunane har eit ansvar for å setja i verk tiltak.

Vi etablerer derfor Oslofjordrådet no. Her vil eg saman med andre statsrådar kvart år møte ansvarlege politikarar frå kommunane og fylkeskommunane for å sikre god lokal- og regionalpolitisk forankring og framdrift av dei ulike tiltaka.

Alle tiltakshavarar her motteke tiltakskort som skal sendast Miljødirektoratet som skal halde oversikt over framdrifta av tiltaka. Første rapportering av gjennomføring er i 2022.

Om vi ikkje set i verk dei naudsynte tiltaka vil det vere synleg ved kvar rapportering, både statlege og kommunale tiltak.

Oslofjordrådet skal altså ikkje vere ein koseklubb.

 

Avslutning

Det skjer allereie mykje bra for å betre miljøtistanden i fjorden. Det arbeidet skal vi vidareføre. Til dømes skal vi framleis prioritere arbeidet med vassforvaltningsplanane som er så viktige for miljøtilstanden i Oslofjorden.

No har vi ein heilskapleg plan for korleis vi saman skal redde Oslofjorden. No må alle med ein aksje i Oslofjorden stå opp for fjorden og prioritere gjennomføring av desse viktige tiltaka.

Takk for merksemda!