Framtidig lokalisering av CAMPUS NTNU

Rambøll AS har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjort ei utgreiing om framtidig lokalisering av Campus NTNU, sett i eit 50-årsperspektiv.

Rambøll har vurdert ei rekkje alternativ, men reindyrka tre forskjellige konsept:

  1. Delt løysing som i dag med to hovudcampusar på Dragvoll og Gløshaugen.
  2. Ei kompakt løysing rundt Gløshaugen.
  3. Ei byintegrert løysing ved Gløshaugen, langs Elgeseter gate og ned mot Nidelva.

Dei forskjellige konsepta vil koste høvesvis 5 milliardar, 7,7 milliardar og 7 milliardar kroner.

Dersom ein ser vekk ifrå økonomi, er ei samlokalisert eller byintegrert løysing å føretrekkje.

Utgreiinga viser at det er nok tomteareal til å kunne gjennomføre alle dei tre alternativa. Alle tre alternativa har òg nok areal for ei ytterlegare framtidig utbygging, dersom veksten av studentar skulle bli vesentleg høgare enn  ein går ut frå.

Etter ei samla vurdering av prissette og ikkje-prissette effektar, tilrår Rambøll ei lokaliseringsløysing rundt Gløshaugen, og at ein går vidare med eit forslag som er ein kombinasjon av konsept 2 og 3. Ei kombinasjonsløysing kan utformast på fleire måtar, og utgreiinga tilrår at ein bearbeider konseptet vidare. Rapporten peikar på mogleg utbygging langs tre geografiske aksar;

1) søraust for Gløshaugen,

2) nord for Gløshaugen (Høyskolebakken) og

3) vest for Gløshaugen (Hesthagen).

Kombinasjonskonseptet vil koste rundt 7 milliardar kroner.

Utgreiinga vil no bli kvalitetssikra av ein ekstern part. Regjeringa vil først ta stilling til kva konsept ein skal velje etter at den eksterne kvalitetssikringsrapporten er levert. Kunnskapsdepartementet tek sikte på at eit endeleg val av konsept kan vere klart i 2014.

- Eg takkar for rapporten og merkar meg at Rambøll tilrår ei samlokalisert løysing for framtidig utvikling av universitetet. KVU-rapporten skal no gjennom ei ekstern kvalitetssikring. Regjeringa vil først ta stilling til val av konsept etter at denne kvalitetssikringa er gjennomført. Eg tek sikte på at Regjeringa kan gi ei tilbakemelding til NTNU og innbyggjarane i Trondheim mot slutten av 2014, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.