Fylkesnytt frå Hordaland 1/2015

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Bergen Matfestival 2015 som blir ny og forbetra på Bergenhus Festning.

Bergen Matfestival 2015 – ny og forbetra!

Bergen Matfestival og Bergen Ølfestival (BØ) flytter saman til større og betre festivalar og område på Bergenhus Festning. Festivalane har vakse ut av sine tidlegare arenaer og søker saman rom for vidare utvikling.

Bergenhus Festning og Koengen; ny, samanhengande arena for høvesvis Bergen Ølfestival og Bergen Matfestival. Foto: Gunnar Nagell Dahl
Bergenhus Festning og Koengen; ny, samanhengande arena for høvesvis Bergen Ølfestival og Bergen Matfestival. Foto: Gunnar Nagell Dahl

Bergen Matfestival og Bergen Ølfestival har eit godt samarbeid, og nytter dette til eit felles løft for betre og meir samanhengande arrangement. Matfestivalen har vore på Bryggen i 10 år, og publikumsstraumane gjer det til tider vanskeleg på den avgrensa plassen og med tryggleiken rundt verdsarvminnet. Disponibel plass til seljarar og utstillarar har og vore avgrensa. Dette, saman med usikre trafikale tilhøve og avgrensa infrastruktur på Bryggen har gjort at Matfestivalen har vurdert ny lokalisering i fleire år. BØ har etter oppstart i Bryggesmauet vore på vitjing i Vågsbunnen eit par år, men har hatt tilsvarande utfordringar også der.

Saman har festivalane funne Bergenhus Festning og Koengen som eit godt alternativ, og kome fram til ein avtale der. Både festningen og Koengen er elles kjende arenaer for store konsertar, Bergensfest oa. Dette gir forutan meir plass og profesjonell infrastruktur også betre økonomisk handlingsrom til å stå på eigne bein og vidareutvikle seg spesielt med opplevingar og publikumsaktivitetar, som td. moglegheit til å sette opp scener for konkurransar, demonstrasjoner og kulturaktivitetar. Den nasjonale konkurransen «Det Norske Måltid» har td. velt Bergen Matfestival som arena for sin landsdelfinale i vest. Saman med ungdomskonkurransar i matlaging og Barnas Matfestival blir dette spanande tilskot til årets festival. Vi ynskjer og å nytte det store området til ulike aktivitetar for alle aldersgrupper, det blir ein liten siderfestival, det blir mattelt og det blir dyreutstilling, samt underhaldning på festivalområdet.

Matfestivalen hadde godt over 100 boder og om lag 350 deltakarar i 2014. Truleg vitjar over 100 000 menneske desse festivalane dei tre festivaldagane i september. Omsettinga i bodene varierer frå 10 000 til over 300 000 kroner, med eit estimert snitt på 70 000 kroner, inkludert boder både for sal og informasjon.

Bergen Matfestival er den viktigaste arenaen for nye og etablerte matbedrifter i Hordaland og Sogn og Fjordane. Matfestivalen har stadfesta si rolle som landets største arena for lokale matprodusentar og gjev Hordaland og Sogn og Fjordane, saman med Bergen, status som ein av dei viktigaste regionane innan lokalmat i Norge.

Matfestivalen er ein viktig premissleverandør for lokalmatproduksjonen i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette gjennomsyrer no store deler av matmiljøa i regionen, og dei har gjeve oss mange gode matprodusentar som har vunne priser både lokalt og nasjonalt. Dette arbeidet er ein kontinuerleg prosess som må utviklast vidare i Bergen og på Vestlandet.

Synergieffektane av Matfestivalen i Bergen er mange. Vi ser no at Bergen blir rekna som ein av dei viktigaste matarenaene i landet og regionen har fått mange gode lokalmatprodusentar, som leverer varer til marknader, storhushaldning og daglegvare. Seinast fekk Homlagarden pris for beste kjøttprodukt i Det Norske Måltid 2014. I Sogn og Fjordane og Hordaland har det vakse fram store klynger med matmiljø. Lokalmaten har blitt ein viktig leveveg for mange i lokalsamfunna, med alt frå ysteri, slakteri, kjøtforedling, frukt og grønsaker, drikkevarer og gardsrestaurantar.

Bergen har søkt om opptak i UNESCO sitt Creative Cities Network i kategorien gastronomi status. Søknaden vann ikkje fram i første omgang, men byen er oppmoda til å søkje på nytt, med større vekt på det gode produsentmiljøet og dei gode råvarene vi har i vår region. Mykje av den regionale utviklinga og etterspurnaden vi har innan lokalmat har kome i kjølvatnet av matfestivalen i Bergen.

Mindre klimagass frå matproduksjon i Hordaland

Auka lagerkapasitet for husdyrgjødsel blir peika på som eitt av tiltaka for å redusere utslepp av klimagassar frå landbruket i Hordaland. Dette kjem fram i ein rapport Fylkesmannen har tinga frå Bioforsk. Mange av tiltaka kan også betre lønsemda for gardbrukaren og redusere avrenning til vassdrag. Skogen i Hordaland tek opp mykje meir klimagass enn utsleppa frå landbruket i fylket, og karbonbindinga kan aukast.

Gjødselspreiing etter 1. slått. Foto: Bart van Gool, NLR Hordaland
Gjødselspreiing etter 1. slått. Foto: Bart van Gool, NLR Hordaland

Det er mogleg å redusere utslepp av klimagassar frå landbruket i Hordaland, men det finst ikkje ei enkel løysing med stor effekt. Reduksjon er berre mogleg som kombinasjon av ulike tiltak, som krev endringar på mange føretak. Ein stor fordel med mange av tiltaka er at dei også har andre positive effektar, som mindre avrenning av næringsstoff og betre lønsemd for gardbrukaren. Dette gjer tiltaka meir kostnadseffektive og meir aktuelle å gripe fatt i.

Rapporten er tinga av Fylkesmannen i Hordaland, etter initiativ frå fylkespolitikarane. Finansieringa er frå Klimaplan for Hordaland (Hordaland fylkeskommune) og frå Fylkesmannen.

Husdyrhald gir utslepp av klimagassar

All matproduksjon vil gi utslepp av klimagassar, og det er mål om auka matproduksjon. Målet må difor vere ein meir klimasmart produksjon, med mindre utslepp per kilo kjøt og per liter mjølk. Dyrking av frukt og grønsaker er meir klimavenleg, og kan gjerne aukast.

Elles er Hordaland eit husdyrfylke, og kjem alltid til å vere det. Fordøyinga til drøvtyggarane gir utslepp av metangass, som står for over halvparten av klimagassutsleppa frå landbruket i fylket. Vidare utgjer lagring og spreiing av husdyrgjødsel til saman 16 prosent av utsleppa.

Auka kapasitet til gjødsellagring

Å bruke delar av den lagra husdyrgjødsla til produksjon av biogass og å sikre god utnytting av nitrogen i husdyrgjødsla vil begge deler vere gode klimatiltak i Hordaland. Ein har estimert at slike tiltak til saman kan redusere klimagassutsleppa frå hordalandslandbruket med 4-5 prosent. Dette gjeld dersom 30 prosent av lagra husdyrgjødsla i fylket blir brukt til biogassanlegg. Biogassanlegg er dyrt og i beste fall berre aktuelt i område med høg tettheit av husdyr, og der ein likevel står overfor investering for å auka kapasiteten på gjødsellageret. Betre utnytting av nitrogen i husdyrgjødsla, med andre rutinar og tidspunkt for spreiing, krev òg investeringar i større gjødsellager.

I nokre tilfelle kan andre spreiemetodar enn den vanlege breispreiinga vere aktuelt tiltak. Det blei difor innført tilskot til stripespreiing gjennom Regionalt miljøprogram i Hordaland. Betre utnytting av fôret vil redusere utslepp av klimagassar frå husdyrhaldet. Auka fokus på klimavenleg gjødsling er eit av måla i Norsk Landbruksrådgiving Hordaland sitt prosjekt «Kretsløptolken», der tap av klimagassar i drifta blir analysert i detalj på gardsnivå.

God bruk av areala

Hordaland har mykje jord med høgt innhald av organisk materiale. Drift på slik jord gir omdanning av organisk materiale og utslepp av klimagassar. Utsleppa er berekna til å utgjere 12 prosent av klimagassane som landbruket i Hordaland produserer. Dei naturgitte tilhøva i Hordaland gjer at også slike areal må bli brukt til matproduksjon. Klimagassutsleppa er størt frå nydyrking av myrjord og mindre frå myr som har vore dyrka i lang tid. Vern av dyrka jord for å unngå behov for nydyrking er difor eit godt klimatiltak. At jorda som er i drift er godt drenert og har god jordstruktur sikrar god utnytting av tilført nitrogen, og redusert desse klimagassutsleppa.

Fôrproduksjon i utmark gir ikkje klimagassutslepp

Å erstatte noko av grovfôret eller kraftfôret med utmarksbeite har potensiale til å redusere klimagassutsleppa. Årsaka er mellom anna at ein produserer fôr utan bruk av mineralgjødsel med tilhøyrande utslepp av lystgass. For å få positiv effekt er det ein føresetnad at tilveksten på dyra ikkje blir redusert, då dette vil auke framfôringstida og metanutslepp frå fordøyinga.

Karbonbindinga i skogen er 6-7 gangar større enn utsleppa frå landbruket

Det er estimert at skogen i Hordaland årleg tek opp 6-7 gangar så mykje CO2 som det årlege utsleppet av klimagass frå landbruket i Hordaland, målt i CO2-ekvivalentar. Det er også fullt mogleg å auke dette opptaket i Hordaland. Skogplanting på areal som ikkje er skogkledd i dag er eit tiltak, men er omdiskutert og må bli vurdert opp mot andre omsyn. Karbonbindinga skjer både i biomassen og i skogsjorda.

Andre aktuelle tiltak som kan auke karbonbindinga er mellom anna lagring av karbon i varige treprodukt og plantemateriale som gir meir og betre trevirke. Elles kan bioenergi av trevirke erstatte utslepp frå fossilt brensel. 

Stor interesse for Inn på Tunet i Hordaland

Over 40 ivrige og nysgjerrige gardsbrukarar møtte til informasjonsmøte om etablering av Inn på Tunet-verksemd i Bergen i januar, og fekk nyttige tips og mykje informasjon om korleis ein kan komme i gang og få ein god start på ei Inn på tunet–satsing på eigen gard.

Godt frammøte på infomøte om IpT i Bergen. Foto: Frøydis Linden
Godt frammøte på infomøte om IpT i Bergen. Foto: Frøydis Linden

Rammeverk og gode tips

På informasjonsmøtet fekk dei møte ulike støttespelarar frå offentleg forvaltning: næringsutviklarar frå Fylkesmannens landbruksavdeling, rådgjevarar innan landbruk og design i Innovasjon Noreg samt Mattilsynet. Føredraga hadde fokus på enkle styringsverkty, relevante eksempel og poengterte tips for å oppmuntre bøndene til å gå vidare med etableringsplanane sine. Målet var at deltakarane skulle gå heim frå møtet og forstå kva for regelverk og støtteordningar frå det offentlege som gjeld for Inn på tunet tilbydarar.

Nettverksbygging er viktig

Det siste og viktigaste poenget for arrangørane var likevel å få fram kor viktig nettverksbygging er arbeidet med å etablera eige verksemd. Nettverket Fagforum Inn på tunet i Hordaland stilte med ein erfaren tilbydar, Elin Ulveseth frå Ulveseth-tunet i Fjell kommune. Med stort pågangsmot og god kjennskap til kjøpargruppene sine, har ho klart å få til ei verksemd som ligg tett opp til brukaranes og kjøparanes forventningar om eit godt Inn på tunet-tilbod. Elin Ulveseth har alltid fått stor inspirasjon frå kontakt med andre tilbydarar, og viste til møteplassane, fadderordninga og fagsamlingane som tilbydarane driv sjølve i nettverksorganisasjonen sin. 

Ein serie av foredrag om Inn på tunet

Ideen til møtet kom opp etter eit pilot-kurs i kvalitetssikringssystemet til KSL-Matmerk for nye Inn på tunet tilbydarar, gitt av Landbrukets HMS-teneste i Norsk landbruksrådgiving Hordaland. Mange av deltakarane hadde ikkje oversikt over støtteapparatet for bønder som driv eller ynskjer å starte opp med Inn på tunet. Informasjonsmøtet i januar skulle vera utfyllande i høve motivasjonsturneen som Noregs bondelag har for nye tilbydarar. 

Til våren får deltakarane høve til å møte fleire etablerte tilbydarar. Då skipar Bondelaget i Hordaland til motivasjonsmøte i lag med Matmerk og Bondelaget sentralt. Dei vil møtast på ein Inn på tunet gard utanfor Bergen den 9. april (kveld) – for meir informasjon, sjå nettsida til Bondelaget

"Nina" felte mykje skog

Fylkesmannen ber skogeigarar melde inn stormskader til kommunane, då det er klårt at stormfelling tilsvarande eit halvt års hogst allereie er registrert hjå forsikringsselskapa. Fylkesmannen åtvarar og om at hogst av stormfelt skog er særs farleg.

Stormfelt skog på Dyngeland i Fana etter stormen Nina 2015. Foto: Rune Mikkelsen
Stormfelt skog på Dyngeland i Fana etter stormen Nina 2015. Foto: Rune Mikkelsen

Økonomisk erstatning

Skogeigarane vert oppmoda om å kontakte kommunen for å melde inn skader og for rettleiing om oppryddingsarbeidet. Forutan tilskot til bygging av skogsvegar  og drift med taubane er det ikkje statstilskot til hogst av stormfelt skog. Eigarar som har forsikra skogen tek kontakt med forsikringsselskapet for synfaring og økonomisk oppgjer. Skogbrand Forsikringselskap Gjensidig har førebels fått inn 79 meldingar om skogskader. Flest skader er meldt i kommunane Bergen, Fusa, Stord, Tysnes og Kvinnherad. Forsikringsselskapet meiner tømmervolumet som er skadd kan vere 100 000 m3. Til samanlikning vart det i 2014 hogd 180 000 m3 skog i Hordaland. Naturskadefondet dekkjer ikkje skadane av stormfelt skog. Fylkesmannen oppmodar alle skogeigarar om å forsikre skogen mot skader. 

Livsfarleg skogsarbeid

Hogst av stormfelt skog er eit særs farleg arbeid og må gjerast av profesjonelle skogsarbeidarar. Allereie er ein skogsarbeidar i Bergen skada i arbeidet. Etter stormen i 1994 vart fleire personar drepne og hardt skada under oppryddingsarbeidet. Skogeigarane bør få driftsavtale med profesjonelle entreprenørar om hogst og sal av tømmeret – kontakt til dømes Vestskog SA eller Nortømmer AS. 

Rettleiingshefte - Ny næring i gamle bygg i strandsona

Etter initiativ frå Sund kommune har fleire kystkommunar, i samarbeid med Norges Vel og Fylkesmannen i Hordaland, fått utarbeidd ein rettleiar for ny næring i gamle bygg i strandsona. Den tek for seg regelverket, kva som er mogleg å få til, og korleis du kan gå fram for å setje bygningen din i stand.

Forside på rettleiarhefte. Foto: Sverre Sangolt
Forside på rettleiarhefte. Foto: Sverre Sangolt

Sund kommune var initiativtakar til prosjektet "Ny næring i gamle bygg i strandsona" i samarbeid med kommunane Austevoll, Bømlo og Radøy og Fylkesmannen i Hordaland. Prosjektet kom til som ei forlenging av prosjektet "Ny næring i gamle landbruksbygg", og vart finansiert frå skjønsmidlane hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Hovudmålet med prosjektet var å sikra bygga og skapa nye næringar utan å missa særpreget til bygningsmassen i strandsona.

Med basis i naust, sjøhus og andre bygg i strandsona, skal det kunne utviklast ulike typar næringsverksemder, og samstundes gi auka verdi med omsyn til kulturlandskapet.

Rettleiarhefte som er utarbeid gjev døme på korleis du som eigarar av naust eller sjøhus kan gå fram for å setja bygningen sin i stand.

Prosjektet har resultert i ei foreining av nausteigarar som arbeidar med målsetjingane om å sikra bygg og skapa ny næring og aktivitet i bygningsmassen. Foreininga heiter "Naustforeininga Nytt i Naust" og den vart etablert av naust-/sjøhuseigarane i 2014.

Prosjektleiar og forfattar av heftet er Asbjørn Stavland, Norges Vel:
e-post: Asbjorn.Stavland@norgesvel.no, Tlf: 951 46 623.

Samordna nettsatsing

Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

Om Fylkesmannen

Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir følgd opp. På vegne av fleire departement utfører Fylkesmannen ei rekkje forvaltningsoppgåver ovanfor kommunar og enkeltpersonar, er klageinstans og fører tilsyn.