Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Vestland 2/2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Her kjem ny utgåve av Fylkesnytt frå Statsforvaltaren i Vestland. Her kan du mellom anna lese rykande ferskt nytt frå Landbrukskonferansen i Vestland.

På jakt etter gode, framtidsretta løysingar på Landbrukskonferansen for Vestland 2021

Korleis kan vi saman byggje eit sterkt og klimavennleg landbruk for framtida? Dette var hovudtema på konferansen på Voss, 15-16. september.

Gode innspel og stor aktivitet på landbrukskonferansen.
Gode innspel og stor aktivitet på landbrukskonferansen. Foto: Karsten Valland, Innovasjon Norge
Gode innspel og stor aktivitet på landbrukskonferansen.
Foto: Karsten Valland, Innovasjon Norge
Gode innspel og stor aktivitet på landbrukskonferansen.
Foto: Karsten Valland, Innovasjon Norge

Det er berre i tynn jordskorpe mellom oss og hungersnauda. Desse orda frå W. Churchill konkretiserer det konferansen tok utgangspunkt i; kva landbruk og god bruk av ressursar eigentleg betyr for livet på jorda.

For å nå mange av FN sine berekraftmål må vi dyrke meir jord, og vi må gjere det på ein måte som tek vare på klimaet. Likevel ser vi at mykje god matjord blir bygd ned. Vi forbrukar for mykje, vi kastar for mykje mat og vi tenkjer ofte for kortsiktig. Det er lett å tenkje at udyrka mark ikkje har stor verdi og at dei små flekkane her og der ikkje betyr noko. Heilskapstenking er komplisert.  På konferansen dvela vi ikkje lenge ved det mørke bakteppet, men snakka om løysingar.

Å skape grobotn for nye generasjonar

Elevar frå Voss vidaregåande skule toga inn med trillebårer og arbeidsklede, og opna konferansen med tankar og ynskje for landbruksutviklinga i Vestland. Ungdommane er opptekne av det nye som kjem og ligg i framkant av utviklinga. Kva skal til for at ein skal velje det yrket ein har lyst på? Ungdommane vil gjerne realisere draumane sine, og for å få dette til må landbruket løftast og utviklast i fellesskap.

Korleis kan vi, lokalt og i fellesskap, auka statusen på jordressursane?

Det faglege innhaldet i konferansen starta med ein paneldialog omkring jord og kva vi sjølve kan gjere for å ta vare på den dyrebare jorda. Jordmasseprosjektet i Nordhordland, prosjektet 100 dagar sjølvforsynt rundt Bjørnafjorden og eit spanande samskapingsprosjekt i Stad, med bygdevariasjon av Urbant landbruk, er gode eksempel. Ved å flytte jord som vert bygd ned kan ein betre eller og byggje nye dyrkbare areal. Også små areal er verdifulle.10 m2 kan produsere årsforbruket av poteter til ein nordmann. Paneldeltakarane viste gode eksempel på korleis ein kan gje auka kunnskap om den dyrebare jorda til politikarar og innbyggarane, ved å kommunisere klarare og synleggjere potensiala, og ved å involvere så mange som mogeleg i dyrking og aktivisering av jord. 

Gode og innovative løysingar for framtida?

Gunnhild Jaastad frå Nibio Ullensvang gav gode eksempel på korleis ein kan tenkje nytt omkring ressursforvaltning. Larvar som et avfall og blir til dyrefor er eit eksempel på dette.

Korleis kan CO2 frå garden og husdyrgjødsel bli til fôr? På Folven Gård vert det gjort eit stort og innovativt arbeid på dette området. Dei viser veg i sirkulærøkonomien, og dei ser aktiviteten i perspektiv dei færraste ser.

På gardane våre har det vore jordbruk i 4000 år, dei grepa og innovasjonen vi gjer no er for å sikre at det er jordbruk der i 4000 år til. (Dag Hjelle, Folven Gård)

Norsk Landbruksrådgjeving og Nibio gav oss gode eksempel på korleis ny teknologi kan gjere landbruket meir miljøvenleg og føre til meir økonomisk drift. Dette er viktig for å gje landbruket verktøy og løfta drifta.

Aktivitetar og nettverksbygging

Praktiske aktivitetar skapar god læring, og  aktiviteten var stor då case frå lokale bønder gav grunnlag for workshop rundt klima og innovasjon.

Elles gav programmet rom for nettverksbygging. Det var tydeleg glede over å kunne samlast att. Erfaringsdeling prega konferansen, både fagleg og sosialt.

Victor D. Norman avslutta konferansen med interessante perspektiv på landbruk og distriktsutvikling. Han understreka at norsk næringsliv har mykje å lære av landbruket, og at ingen andre næringar gjer det så bra innan produktivitet, teknologiutvikling og produktutvikling. At landbruket og distriktsutvikling ikkje er så tett kopla saman meiner han er bra, og han gav råd om å tenkje nytt. Om folk skal vilje flytte til bygda vil dei ha noko anna enn eit mini-Grünerløkka, sa han i innlegget sitt.

Det trengs mange gode krefter i innsatsen for berekraft og nyskaping. Vi gjer grep i kvardagen, nyttar ny teknologi og nye tankar. Kvar dag er ein liten sprint. Men det store målet er å kunne drive jordbruk på gardane også 4000 år fram i tid.

Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, Vestland står bak landbrukskonferansen, som er ein viktig møteplass for næringsutvklingsaktørar innan landbruk i Vestland.

Kontaktperson:
Ragna Flotve, fmhorfl@statsforvalteren.no, tlf. 90101541.

Nasjonal jordvernpris for bruk av overskotsmassar i landbruket

Kommunane Alver og Austrheim fekk årets nasjonale jordvernpris, saman med  Norsk Landbruksrådgiving Vest. Prisen fekk dei for utvikling av metodikk der overskotsmassar frå utbygging går til jordbruksføremål.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad med mottakarane av Nasjonal jordvernpris 2021; ordførarar Per Lerøy og Sara Sekkingstad i høvesvis Austrheim og Alver kommunar, og dagleg leiar Liv Lyngstad i Norsk Landbruksrådgiving Vest.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad med mottakarane av Nasjonal jordvernpris 2021; ordførarar Per Lerøy og Sara Sekkingstad i høvesvis Austrheim og Alver kommunar, og dagleg leiar Liv Lyngstad i Norsk Landbruksrådgiving Vest. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Prisen vart delt ut på gardsbruket til bonde Magnar Askeland, som har vore sentral initiativtakar og deltakar i utviklingsprosjekta sidan 2013. 

– Vinnarane har gjort eit grundig og godt arbeid der dei har arbeidd fram ein god modell, prosedyrar og rettleiing for små og mellomstore anleggsprosjekt, som kommunar og andre regionar kan få god nytte av, sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad, som delte ut prisen. Juryen til jordvernprisen la særleg vekt på at arbeidet har ført til betydelege  resultat, at det bidreg til at matjorda vert sett på som ein ressurs, og at omsynet til miljø og biologisk mangfald vert ivareteke. Dei siste åra har dei vore involvert i planar for betring av nærare 2000 dekar.

Bruk av massar er jordvern

Den nasjonale jordvernprisen skal bidra til å auke merksemda om jordvernet, særleg i kommunane og fylkeskommunane, og få fram gode idear og døme på tiltak, planar og strategiar. Oftast vil dette dreie seg om å unngå omdisponering av jordbruksareal, men når dette er uunngåeleg bør massar og jord koma konstruktivt til nytte i staden for å bli lagt i ubrukelege deponi.

Statsforvaltaren har sett det positivt at denne bruken er kompenserande. Det betyr at når vi MÅ ta jordbruksland, så «bygger vi nytt». Å utvikle dei jordbruksareala vi har, og å setje ein faktisk pris på dei, er eit bidrag til jordvernet. Dersom prisen for å omdisponere eksisterande jordbruksareal vert lik kostnaden ved å nytte massane til «bygging» av ny jord, så er det også jordvern. Dette  gir  kommunane nye verktøy i planarbeidet, som gjer at dei t.d. kan stille vilkår til byggeprosjekt, noko som vil få konsekvensar for jordvernet i kommunane i framtida.

Langsiktig arbeid sidan 2013

Med utgangspunkt i overskot på massar i regionen, og interesse frå lokale bønder til å nytte dette til utbetring av jordbruksareal, starta kommunane eit eige prosjekt for kommunal sakshandsaming og rådgjeving i slike saker, samstundes som Landbruksrådgivinga starta eit prosjekt for utvikling av praktisk metodikk og samarbeid mellom entreprenørar og bønder. Til saman har desse prosjekta resultert i ei «verktøykasse» i form av handbøker og avtaleverk for gardbrukarar, entreprenørar og kommunal sakshandsaming (lenke til høgre), samstundes som det har sett Landbruksrådgivinga i stand til å levere rådgjeving og prosjektering som «hyllevare».

Statsforvaltaren meinte i sin nominasjon av kandidatane at dette bør stå som modell for andre regionar: Om planleggings- og byggetakta held fram, kan ein utan nemneverdig overdriving seie at «ein bygger moderne landbruksjord fortare enn kommunane klarer å omdisponere den gamle».

Nytt jordvernmål mot 2025

Regjeringa har nyleg oppdatert jordvernstrategien frå 2015, med nye tiltak og eit styrka jordvernmål, der den årlege omdisponeringa av dyrka jord no skal reduserast til 3 000 dekar innan 2025. I Vestland fylke var ein ikkje så langt unna å klare «sin del» av det førre målet på 4 000 dekar i den førre 5-årsperioden, og truleg vil prisvinnarane sin metodikk, og dei lokalpolitiske konsekvensane av at denne vinn fram bidra til utviklinga også mot det nye målet for 2025.

Kontaktperson:
Eirik Brynjelsen, fmhoebs@statsforvalteren.no, tlf. 55572170.

Grønsaksinkubator i vest

For tredje år på rad arrangerer Bondens marknad kurs i småskala grønsaksdyrking etter marknadshageprinsippa. I år legg kurset vekt på marknadshagebonden som entreprenør innan lokalmat. 

Markvandring på Bøtun gard i Luster sommaren 2021
Markvandring på Bøtun gard i Luster sommaren 2021 var til stor inspirasjon for dei ferske marknadshageprodusentane frå Vestland. Foto: Frøydis Lindén/SFVL

Marknaden i fokus

Over 60 småbrukarar har dei to siste åra vore igjennom marknadshagekurset på Vestlandet, og ein tredjedel sel no grønsaker på lokalmatmarknaden. Dei sel til private kundar gjennom abonnementsordningar, REKO-ringar og Bondens marknad, gjerne i kombinasjon med sal til restaurantar og hotell. Marknadshageprodusentane sel alle varene sine sjølve, og må difor lage planar for marknadsarbeidet frå fyrste stund. Dette har arrangørane teke spesielt omsyn til i årets kurs.

Frå kurs til inkubator

Marknadshagekurset som startar i oktober blir lagt opp som ein inkubator, som er ein slags «rugekasse» for etablerarar.  I eit inkubatorprogram blir det lagt stor vekt på å vekkje entreprenørskapstanken frå første stund.

Deltakarane vil mellom anna lære å setja seg god mål, profilering av verksemda og å lage enkle forretningsplanar. I tillegg får dei gode oppstartstips til korleis dei etablerer ein testproduksjon av grønsaker med få investeringar. Med andre ord må marknadshageprodusentar vere like gode på marknadsføring og sal, som på agronomi og å sikre god kvalitet på grønsakene dei sel.

Tal deltakarar er halvert til 15 for å kunne gje tettare oppfølging. Deltakarane vert valde ut etter søknad og får målretta oppstartskurs, nettverksmøte, mentorar og markvandringar i sesong.

Fleire ulike aktørar samarbeider om inkubatoren. Norsk landbruksrådgiving Vest, Lokalmatnettverket i Vest-Norge og lokale næringshagar er involverte undervegs.. Bondens marknad og Statsforvaltaren i Vestland sit i prosjektleiinga.

Testproduksjon er nøkkelen

Det er eit mål å byggje opp produksjonen i takt med tilbakemeldingar frå marknaden og kundane. Sjølv om marknaden for å kjøpe lokalmat er god no, må ein treffe rett i sitt distrikt. Deltakarane vert difor oppmoda om å starte med testproduksjon på eit mindre areal. Testhagane skal vere variert slik at dei får prøvd ut 10-15 ulike grønsaker med ei omsetning på 50 000 - 70 000 kroner det første året.

Deltakarar med og utan gard

Deltakarane kjem frå heile Vestland. Dei fleste i inkubatorprogrammet har eigen gard, og kan søkje støtte frå Innovasjon Norge. Nokre unge deltakarar har ikkje gard (enno), og i Bergen får nokre «jordlause» tilbod om eit tilrettelagt testareal på Stend Vidaregåande skule. Katinka Kilian, frå Lystgården på Landås sitt Bybonde-prosjekt, er prosjektleiar.

Kontaktperson:
Frøydis Lindén, fmhofli@statsforvalteren.no,  tlf. 90552194

Nyttig temakart med klimasoner for frukt og bær i Vestland

Lokalt klima er avgjerande for kva ein kan dyrke, og vurdering av dette er svært nyttig for å lukkast. Statsforvaltaren i Vestland har utarbeida temakart med oversikt over klimasoner.

Døme på klimasoner for eplesorten «Aroma», i Ullensvang kommune.
Døme på klimasoner for eplesorten «Aroma», i Ullensvang kommune. Foto: Illustrasjonsfoto

Morellar og seine eplesortar krev høg gjennomsnittstemperatur og solinnstråling, medan bær er mindre kravstore. Med mål om å vurdere dyrkingstilhøva for frukt og bær i Vestland fylke, er temakartet delt inn i klimasoner, basert på gjennomsnittstemperatur, arealtilstand, solinnstråling og plantane sine klimakrav i perioden 1. mai til 30. september.

Temakarta er delt inn etter kommunar og vidare inn i klimasoner for eplesorten Aroma og klimasoner for bringebær. Som eit døme viser biletet klimasoner for Aroma i Ullensvang kommune. Her finn ein store areal tilhøyrande klimasone «svært godt, fulldyrka jord». Denne klimasona utgjer det beste lokalklimaet for frukt og bær og er eigna for dyrking av dei mest kravfulle vekstane.

Korleis bruke temakarta?

Karta er tilgjengeleg i Fylkesatlas. Du kan velje kommune og klimasoner for Aroma eller klimasoner for bringebær. Du kan vidare finne informasjon om helling, temperatur og innstråling, og du kan få informasjon om spesifikke gardsbruk. Du finn informasjon om korleis du går fram her.

Kart over klimasoner for Aroma er publisert for alle kommunar i Vestland fylke. Klimasoner for bringebær er ferdigstilt, men kun publisert for 18 kommunar. I løpet av hausten vil kart over klimasoner for bringebær vere tilgjengeleg for alle kommunar i Vestland fylke.

Kontaktperson:
Synnøve Vonen Kvaal, syvkv@statsforvalteren.no, tlf. 57643067.

Solcelleanlegg på garden 

Solenergi er ei spanande energiform. Statsforvaltaren i Vestland har laga film om installering og drift av solcelleanlegg på gardsbruk.

Per Langeland har lagt solcellepanel på redskapshuset.
Per Langeland har lagt solcellepanel på redskapshuset. Det gir energi til gardsdrifta og eit overskot som blir selt og lasta inn på straumnettet lokalt. Foto: Bastian Hoffmann/SFVL

Det var stor interesse då Statsforvaltaren inviterte til webinar om solenergi. Her vart filmen frå Tistel gard i Vik kommune presentert. Ekteparet Marita og Per Langeland Tistel er framsynte bønder og av dei første i Vestland som har investert i solcellepanel på garden. Dei seier seg godt nøgde med samarbeidet dei hadde med Innovasjon Norge, det lokale kraftselskapet og solcelleentreprenøren.

Så langt har anlegget produsert og levert straum som forventa.  Filmen om solcelleanlegget på Tistel gard er kan du sjå på YouTube-kanalen vår: https://youtu.be/ZpDnYZmATyM. Her møter du bøndene som fortel om motivasjon, prosess og økonomi. Innovasjon Norge presenterer ordninga med investeringsstøtte til gardsanlegg og solcelleleverandøren forklarer litt om planlegging og levetid. Les gjerne meir om solenergi på garden på bondeboka.no.

Kontaktperson:
Dirk Kohlmann, fmhodkt@statsforvalteren.no, Tlf. 55572171.

Stor innsats for skogplanting i Vestland

Skogplantene låg klare på planteskulane, men det var stor mangel på arbeidskraft denne våren. Skogeigarar og ivrige skogplantarar i Vestland gjorde ein stor innsats for å få meir enn 650 000 planter i jorda.

Opplæring av kandidatar en maikveld i Gloppen kommune.
Opplæring av kandidatar en maikveld i Gloppen kommune. Foto: Arnt Laukeland, instruktør Skogkurs

Plantene var pakka og klare for utsending og kunne ikkje haldast i live i håp om betre tider til hausten. For Vestland fylke var det i overkant av 1 million granplanter som skulle i jorda.

Vårplantinga startar så fort snøen har trekt seg tilbake og varer til omkring jonsok. Dei tre næringsaktørane, AT Skog, Nortømmer og Fjordtømmer, hadde ikkje tilgang til utanlandsk arbeidskraft, grunna innreiseforbod. 

Skogeigarane i aksjon

Det var uaktuelt å kaste plantene og skogeigarane vart i første omgang oppmoda om å plante meir skog sjølve. Mange skogeigarar har vore i skogen, eller brukt slekt og vener som arbeidskraft, denne våren. Det har vore meir lukrativt enn elles å plante sjølv, grunna eit ekstraordinært koronatilskot, som går direkte til skogeigar om han eller ho organiserer plantinga sjølv. Tilskotet er 1,50 kr/plante, i tillegg til ordinær plantesats, som gjer at skogeigar kan tena 4,50 kr/plante. Denne løna kjem delvis frå tilskot og frå eige skogfond med skattefordel. Statsforvaltaren ser det som positivt at fleire skogeigarar plantar sjølve etter hogst, og at ein då kan kjenne eit større eigarskap til plantefeltet som skal pleiast og vekse opp til hogstmoden skog igjen. 

Stor pågang frå interesserte skogplantarar

Ein stor del av plantinga har også gått føre seg i regi av næringsaktørane. Eit NRK-innslag om mangel på plantarar sette i gong ei massiv interesse hos ungdom og andre som ville plante skog. Over 400 personar melde si interesse og over 100 personar var på opplæring. Svært mange av dei vart med i arbeidet. Nokre hadde erfaring med skogplanting, medan andre starta på bar bakke. Både næringsaktørane og Skogselskapet i Sogn og Fjordane gjorde ein stor jobb med opplæring og oppfølging, for å sikre kvalitet i arbeidet. Statsforvaltaren i Vestland har finansiert delar av denne opplæringa. Det er mellom anna rapportert om ein sprek ungdom som planta 26 000 plantar og hadde ei bruttoløn på 78 000 kr! Dette må vere ei av toppnoteringane denne våren, og ein godt betalt sommarjobb for ein skuleelev.

Vi er svært nøgde med innsatsen som er lagt ned. Situasjonen har vist oss at vi, saman med andre landbruksnæringar, er sårbare når vi ikkje har utanlandsk arbeidskraft. Vi trur og håpar at dei som har vore engasjerte i arbeidet har hatt ein interessant jobb og har fått eit godt inntrykk av skognæringa. Kanskje kan dette vere med på å sikre rekruttering til i ei næring i vekst? 

Kontaktperson:
Torgrim Østgård, toost@statsforvalteren.no, tlf. 90740503.