Historisk arkiv

Generalforsamling i Avinor AS: Linda Bernander Silseth nytt styremedlem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

På generalforsamlinga 29. juni blei Linda Bernander Silseth vald inn som nytt aksjonærvald styremedlem i Avinor AS.

Styreleiar Ola Mørkved Rinnan og nestleiar i styret, Ola H. Strand, vart attvalde.

Silseth har vore administrerande direktør i Flytoget AS sidan 2008 og før dette administrerande direktør i Tusenfryd AS. Ho har elles bakgrunn frå reiselivsnæringa. Bernander Silseth har utdanning frå Norsk Hotellhøgskole i Stavanger. Ho har omfattande styreerfaring og er i dag styreleiar i Norsk Tipping, styremedlem i Handelsbanken og medlem av Advisory Board, Kongeparken AB. Bernander Silseth erstattar Mari Thjømøe.

Etter generalforsamlinga er styret i Avinor AS samansett slik:

Aksjonærvalde:
Ola M. Rinnan (styreleiar)
Ola H. Strand
Eli Skrøvset
Tone M. Lindberg
Linda Bernander Silseth
Herlof Nilssen

Vald av dei tilsette:
Per Erik Nordsveen
Heidi Sørum
Bjørn Tore Mikkelsen
Grete Ovnerud

Om Avinor AS:
Eit aksjeselskap fullt ut eid av staten ved Samferdselsdepartementet. Samferdselsministeren er generalforsamling for selskapet. Eigar av statlege flyplassar og planlegg infrastrukturen i luftfarten. Yter lufthamn- og flysikringstenester for reisande og flyselskap og andre brukarar av luftfartsanlegg.

For fleire opplysningar – se:

Vedtekter for Avinor AS (12. mai 2016) (pdf)

Stortingsmelding om Avinors virksomhet - Meld. St. 38 (2012-2013) (pdf)

Nettside: http://www.avinor.no/