Gods på bane: Klarsignal for detaljplanlegging av 30 tonn aksellast på Dunderlandsbanen i Nordland

- Regjeringa vil gjere godstransport på bane meir attraktivt for næringslivet. Godstransport på bane er særleg godt eigna for store og faste transportvolum, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet har i dag gitt Jernbaneverket i oppdrag å starte detaljplanlegging for oppgradering av Nordlandsbanen mellom Gullsmedvik og Ørtfjell, Dunderlandsbanen. Jernbaneverket skal planlegge for at maksimal aksellast kan aukast frå 24 tonn til 30 tonn.

Detaljplanlegginga av Dunderlandsbanen kjem til å koste om lag 25 millionar kroner. Planlegginga skal gjennomførast hausten 2015 og våren 2016.

Tiltaka opnar for auka produksjon for Rana Gruber

Detaljplanlegginga kjem som følgje av at Rana Gruber planlegg å auke produksjonen. Verksemda produserer i dag jernmalm som blir frakta med tog sørover på Nordlandsbanen til hamn i Mo i Rana for utskiping.

Rana Gruber har planar om å frakte 5-7 millionar tonn malm per år. Selskapet har allereie kjøpt inn 40 nye malmvogner som tar 30 tonn. Desse kan ikkje bli frakta fullasta før oppgraderinga  på Dunderlandsbanen er gjennomført. Vognene blir då for tunge. Oppgraderingsprosjektet vil bidra til betre ressursutnytting, effektivitet og høve for auka produksjon for Rana Gruber.

Oppgraderingsprosjektet vil òg ha nytte for anna trafikk på Nordlandsbanen. Deler av tiltaket er det etter kvart naudsynt å gjennomføre uavhengig av behovet til gruveselskapet

Jernbaneverket skal forhandle på vegne av staten

Samferdselsdepartementet har òg gitt Jernbaneverket fullmakt til å forhandle på vegne av staten med Rana Gruber AS om kva som vil vere ei rimeleg deling av kostnadane  mellom staten og selskapet ved gjennomføring av tiltaket.

Etter at detaljplanen er ferdig sommaren 2016, skal Samferdselsdepartementet vurdere om og eventuelt når staten meiner det er riktig å gjennomføre prosjektet. I denne vurderinga vil den samfunnsmessige lønsemda til prosjektet, medrekna kostnadsoverslag og marknadsvurderingar, og kostnadsdeling mellom staten og Rana Gruber AS, vere viktige.


Sjå i tillegg: