Hard kamp om årets nasjonale Bygdeutviklingspris

Rørosmat SA, Skjærgaarden gartneri og Vom og Hundemat as kjemper om Bygdeutviklingsprisen 2014. Prisen på 250 000 kroner vert delt ut på den norske ambassaden i Berlin 15. januar i samband med Internationale Grüne Woche (IGW).

Prisen på 250 000 kroner vert delt ut på den norske ambassaden i Berlin 15. januar 2015 i samband med Internationale Grüne Woche (IGW).

Rørosmat SA – Røros i Sør-Trøndelag, Skjærgaarden Gartneri – Åsgårdstrand i Vestfold og Vom og Hundemat AS, Trøgstad i Østfold kjemper om den nasjonale Bygdeutviklingsprisen.
Rørosmat SA – Røros i Sør-Trøndelag, Skjærgaarden Gartneri – Åsgårdstrand i Vestfold og Vom og Hundemat AS, Trøgstad i Østfold kjemper om den nasjonale Bygdeutviklingsprisen. Foto: Innovasjon Norge Foto: Foto: Innovasjon Norge

Dei nominerte er:

Rørosmat SA – Røros i Sør-Trøndelag

Rørosmat har ambisjon om å vera Noregs tydlegaste merkevare innan lokalmat. Dei har gjennom langsiktig og målretta arbeid vorte eit førebilete for andre regionar ved å byggje verksemdfellesskap, gjere merkevaren Rørosmat kjent, utvikle samarbeid mellom mat og reiseliv og landsdekkande distribusjon.

Skjærgaarden Gartneri – Åsgårdstrand i Vestfold

Skjærgaarden Gartneri er Noregs største produsent av vårlauk, i tillegg vert det produsert ei rekkje andre grønsaker og urter av høg kvalitet. Verksemda er svært opptatt av levande matjord, biologien i jorda og kretsløp, og er aktive innan produktutvikling og Forsking- og utviklingsamarbete (FoU).

Vom og Hundemat AS, Trøgstad i Østfold

Gründeren Magne Østby er pølsemakaren som vart berømt som produsent av hundefôr. Han slo gjennom med leveranse til Robert Sørli som vann Iditarod i 2003 (1 800 km i Alaska). I dag har han ei rekkje fornøyde kundar i så vel hundesportmiljøet som i det ordinære hundemiljøet.Nederst i skjemaet.

Bygdeutviklingsprisen vart etablert i 1997 for å synliggjere og vere ei inspirasjonskjelde for vellykka nærings- og forretnings­utvikling i, og i tilknyting til landbruket. Kandidatane vert vurdert etter lønnsemd, sysselsetting, sosial og miljømessig berekraft og nyskaping eller originalitet.

Det vert kåra ein vinner i kvart fylke. Prisen på 50 000 kroner vert delt ut av fylkeskontora til Innovasjon Noreg. Fylkesvinnarane konkurrerer om den nasjonale prisen på 250 000 kroner. 

Moer Gård og Norwegian Antibodies AS vant BU-prisen 2013. Statsråd Sylvi Listhaug og administrerande direktør i Innovasjon Norge, Finn Kristian Aamodt stod for overrekkinga av prisen.
Moer Gård og Norwegian Antibodies AS vant BU-prisen 2013. Statsråd Sylvi Listhaug og administrerande direktør i Innovasjon Norge, Finn Kristian Aamodt stod for overrekkinga av prisen. Foto: Christian T. Jørgensen Foto: Foto: Christian T. Jørgensen

Kåring av Bygdeutviklingsprisen 2014

Tid: Torsdag 15. januar ca kl. 16.30
Sted: Den norske ambassaden i Berlin (Rauchstr. 1).

Kontaktpersonar i Innovasjon Norge: 

Kjell Bruvoll, kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no,  mobil 958 58 629
Pressekontakt: siv.isabel.eide@innovasjonnorge.no, mobil 93245247