Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Aust-Agder 10. februar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Statsråd Bent Høie besøkjer Sørlandet sykehus Arendal og Myratunet bo- og omsorgssenter.

Kl 11.45-14.30: Sørlandet sykehus Arendal
Adresse: Sykehusveien 1. 

Kl. 11.45 – 13.30: Statsråden møter leiing, brukarar, tillitsvalde og verneombod.
Dette er lukka møte.

Kl. 13.30 – 14.30: Bent Høie vert orientert om sjukehuset sitt arbeid med pakkeforløp for kreft. Han får sjå ein prostatakreftoperasjon ved hjelp av robotkirurgi.

Høie får også ei orientering om eit nytt tilbod, ein wet lab, på augeavdelinga på sjukehuset.  Her får kirurgane øve seg på augeoperasjonar, slik at talet på komplikasjonar ved opplæring vert halvert. I tillegg får statsråden høyre om sjukehuset sitt nye laserutstyr, som det første offentlege sjukehuset i Norden.

Pressa er velkomen til å delta frå 13.30, og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

Kl 14.45-16:00: Myratunet bo- og omsorgssenter
Adresse: Myra.

Helse- og omsorgsministeren får ei orientering om kommunal øyeblikkeleg hjelp, og om korleis kommunen jobbar med kvardagsrehabilitering. Statsråden får ei orientering om det kommunale samarbeidet og om samarbeidet med sjukehuset.                                 

Pressa er velkomen til å delta, og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.