Historisk arkiv

Oppdatert presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøker Trondheim og Levanger 3. og 4. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I Trondheim vil tema mellom anna vere Senter for psykisk helse og om trening som ein viktig del av behandlingstilbodet for pasientar med psykiske lidingar. Høie vil også besøke seljarane av gatemagasinet Sorgenfri. På Sykehuset Levanger vil helse- og omsorgsministeren få presentert eit innovasjonsprosjekt innan søvnovervaking. Høie vil også besøkje vaksinesentrane i Trondheim og Levanger. Sjå oppdatert program.

Høie har følgande program: 

Tysdag 3. august:

Kl. 10.30-12.30:

Omvisning på St Olavs. Tema: Senter for psykisk helse.

Orientering om Rus og vald-prosjektet. Når pasientar og brukarar har utfordringar knytta til rus og vald, skal dei få hjelp på ein integrert måte. Prosjekt Kompetanseutvikling rus og vold har pågått sidan 2017 og er eit samarbeid mellom tolv kompetansesenter. Arbeidet er koordinert av KoRus Midt og RVTS Midt.

Stad: 1930-bygget på St Olavs, Harald Hardrådes gt 12

Grunna restriksjonar på St Olavs kan ikkje pressa vere med inn på møta. Høie vil derfor vere tilgjengeleg for intervjuar kl. 11.15-11.45. Oppmøte på kunnskapsplassen.

Kl 13.00-14.00: Orientering og omvising på Treningsklinikken. Mange menneske med psykiske lidingar har redusert fysisk form og høg risiko for hjarte-karsjukdom. Treningsklinikken ved St. Olavs hospital tilbyr systematisk trening som ein del av behandlingstilbodet. Pasientane får auka kunnskap og forståing om trening, og eit individuelt tilpassa treningsprogram.

Stad: Ingvald Ystgaards veg 23

Grunna restriksjonar på St Olavs kan ikkje pressa vere med inn på møta. Høie vil derfor vere tilgjengeleg for intervjuar kl. 13.45 utanfor Treningsklinikken.

Kl. 14.15-15.00: Høie møter tilsette og frivillige ved Trondheim kommunes vaksinesenter, Sluppen.
Stad: Sluppenvegen 14.  

Onsdag 4.august:

Kl. 09.15-10.15: Gatemagasinet Sorgenfri. Helse- og omsorgsministeren møter seljarane og snakkar om rusreforma.
Stad: Prinsens gate 55

Kl. 11.45-12.45: Sykehuset Levanger. Sjukehuset viser fram pasientsensoren Somnofy – verdas mest nøyaktige kontaktfrie alternativ til avansert søvnovervaking i laboratorium. Sensoren er under utvikling, og tilbyr ein overvakingsgrad tidlegare berre brukt på intensivavdelingar, og kan tidleg varsle om forverring eller nyoppstått alvorleg sjukdom. Alt skjer kontaktfritt utan noko utstyr på kroppen.

I tillegg vil prehospital klinikk mellom anna vise fram eit nyutvikla kvalitets-, kommunikasjons- og dokumentasjonssystem – BliksundWeb. Systemet er tatt i bruk i heile Helse Midt-Norge og vil snart bli tatt i bruk i Helse Sør-Aust.

Stad: Kirkegata 2, Levanger

Kl. 13.00-13.45: Høie møter tilsette og frivillige ved Levanger kommunes vaksinesenter, Trønderhallen.
Stad: Høgskolevegen 5

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for intervju.