Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 11

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 11, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 14. - onsdag 16. mars
Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på regjeringas budsjettkonferanse. Stad: Klækken hotell, Ringerike

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 16. - fredag 18.  mars
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Litauen der ho vil besøkje dei norske Nato-styrkene som er stasjonert i landet. Ho vil også ha møte med president Gitanas Nausèda, utanriksminister Gabrielius Landsbergis og den kviterussiske politikaren Svetlana Tikhanovskaja. Stad: Rukla og Vilnius 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Mathias Rongved, 97 56 52 58

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 14. - onsdag 16. mars
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på regjeringas budsjettkonferanse. Stad: Klækken hotell, Ringerike

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Kenneth Engvoll Løland, 91 53 42 04

Torsdag 17. mars
Kl. 12.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit lunsjmøte med dei latinamerikanske ambassadørane. Stad: Argentinas ambassade, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Fredag 18. mars
Kl. 13.00: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Nordisk råd (digitalt).

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Laurdag 19. mars
Kl. 10.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim held innlegg på Taxiforbundet (avd. Østfold) sitt årsmøte. Stad: Son

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Kenneth Engvoll Løland, 91 53 42 04

Statssekretær Henrik Thune

Måndag 14. mars
Kl. 14.30: Statssekretær Henrik Thune deltek på eit møte (digitalt) med verksemda Entreprenerdy, eit norskeid selskap mellom anna med aktivitetar i Afrika.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 16. mars
Kl. 15.00: Statssekretær Henrik Thune deltek på eit høgnivåmøte (digitalt) for å samle humanitær støtte til Jemen. Konferansen vert arrangert i Genève.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 17. mars
Kl. 11.00: Statssekretær Henrik Thune har eit møte med Shaharzad Akbar. Ho har mellom anna vore leiar for Afghanistans uavhengige menneskerettskommisjon. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 14. mars
Statssekretær Eivind Vad Petersson besøkjer Stockholm for eit bilateralt møte med sin motpart i det svenske utanriksdepartementet. Stad: Stockholm, Sverige

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 15. mars
Kl. 13.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson gjer ei orientering for det diplomatiske korpset om Russlands invasjon i Ukraina og Noregs syn på utviklinga. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 16. mars
Kl. 11.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Det norsk-ukrainske handelskammeret. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 14.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med to studentar frå European Youth Parliament. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02  

Torsdag 17. mars
Kl. 08.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Mark Leonard, stiftar og leiar for European Council on Foreign Relations. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 12.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit møte med handelspolitisk utval i NHO. Stad: Borregaard hovedgård, Sarpsborg 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 18. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Richard Moyes frå Article 36 (ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet innan humanitær nedrusting). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 14. - torsdag 17. mars
Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på den 66. sesjonen av FNs kvinnekommisjon. Stad: New York, USA

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83