Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 13

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 13, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 28. mars
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har saman med utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim eit møte med forskarar om konsekvensane av krigen i Ukraina for mat og energi. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 11.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Kosovos statsminister Albin Kurti. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 29. mars
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Stortinget og deltek i debatten etter den utanrikspolitiske utgreiinga førre veke. Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 31. mars
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Egypt for politiske samtalar. Stad: Kairo, Egypt

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg, 92 21 97 69

Fredag 1. april
Kl. 09.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit frukostmøte med Nord-Makedonias utanriksminister Bujar Osmani. Stad: Parkveien 45, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 15.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med organisasjonar som arbeider med presse og ytringsfridom. Stad: Parkveien 45, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 28. mars
Kl. 10.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har saman med utanriksminister Anniken Huitfeldt eit møte med forskarar om konsekvensane av krigen i Ukraina for mat og energi. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Tysdag 29. mars
Kl. 15.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med ambassadør Alexander Kmentt frå Austerrike. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Onsdag 30. mars
Kl. 10.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med leiaren i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Isa Maline Isene, og ungdomsdelegat for berekraft Henrik Nordtun Gjertsen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 18.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på ei mottaking i regjeringas representasjonslokale i etterkant av toppmøtet for menneske med nedsett funksjonsevne. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Torsdag 31. mars
Kl. 08.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit seminar om krig og matkrise i Europa skipa til av Atlanterhavskomiteen. Stad: Fridtjof Nansens plass 8, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 10.15: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Canadas ambassadør Deirdre Kent. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 28. mars
Kl. 12.45: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med ambassadør Alexander Kmentt om FN sitt atomvåpenforbod, kjernevåpen, mattryggleik og klima. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 29. - onsdag 30. mars
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit nordisk-baltisk (NB8) statssekretærmøte. Stad: Vilnius, Litauen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 1. april
Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson held ei innleiing på representantskapsmøtet i Austlandssamarbeidet. Deltakarar er fylkesordførarane i Innlandet og Vestfold og Telemark, fylkesrådsleiar i Viken og byrådsleiaren i Oslo. Stad: Oslo rådhus

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Laurdag 2. april
Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson held ei innleiing på Youth Atlantic Treaty Association Norway sin årlege konferanse Nordic Security Conference. Stad: Arbeidersamfunnets plass 1, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Tysdag 29. mars
Kl. 13.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Care Internationals leiar, Sofia Sprechman. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Onsdag 30. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Norden-leiaren for FN sitt utviklingsprogram (UNDP). Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83