Presseinformasjon

Utanriksdepartementet sitt program veke 22

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 22, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Tysdag 31. mai
Kl. 09.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på konferansen Power, Politics and Peace.  Andre deltakarar er mellom anna visegeneralsekretær i FN, Achim Steiner, frå FNs utviklingsprogram (UNDP) og direktør i Norad, Bård Vegar Solhjell. Stad: Bjørvika, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt signerer ein avtale mellom Utanriksdepartementet og domstolsadministrasjonen om effektivisering og reform av domstolane på Vest-Balkan. Dei siste ti åra har Noreg investert i overkant av 200 millionar kroner i reformen gjennom bilaterale og regionale prosjekt. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek i ein panelsamtale på World Expression Forum om ytringsfridom - saman med mellom anna FNs spesialrapportør Irene Khan, Amnestys generalsekretær Agnes Callamard og Laila Bokhari, styremedlem i Nansen fredssenter. Stad: Lillehammer

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 1. juni
Kl. 08.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med leiaren i FNs befolkningsfond (UNFPA), Natalia Kanem. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 2. juni
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Irans viseutanriksminister Ali Bagheri Kani. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 3. juni
Kl. 09.15: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Stortinget og deltek i debatten om aktuelle politiske saker.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med leiinga i ukrainsk fagrørsle. Stad: Oslo, UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 30. mai
Kl.13.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp, Dagfinn Høybråten, og Changemakers leiar, Naja Lynge Møretrø, til ein samtale om Fasteaksjonen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl.15.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter leiaren for FNs utviklingsprogram (UNDP), Achim Steiner. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakt, 23 95 00 02

Onsdag 1. juni
Kl. 08.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på regjeringas toppleiarforum for bærekraftsmåla. Møtet finn stad på Sentralen i Oslo sentrum.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl.11.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter leiaren i FNs befolkningsfond (UNFPA), Natalia Kanem. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl.18.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på ein middag med utanriks- og forsvarskomiteen. Middagen finn stad i regjeringas representasjonsbolig.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 3. juni
Kl. 08.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit møte med Norwegian-African Business Association (Naba). Møtet finn stad på Laerdal Medical, Stavanger.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Henrik Thune

Måndag 30. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Henrik Thune har eit møte med Emmanuel Bargues ved FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (Ocha). Bargues leiar kontorets arbeid for humanitær tilgong. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 2. juni 
Kl. 10.30: Statssekretær Henrik Thune er vertskap for bilaterale konsultasjonar med Iran og landets viseutanriksminister Ali Bagheri Kani. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 30. mai
Kl. 12.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit møte med tankesmia Atlantic Council frå USA. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 15.15: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med den ukrainske aktivisten Olexandra Matvijchuck og Helsingforskomiteen. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 1. - torsdag 2. juni
Statssekretær Eivind Vad Petersson er på reise i Finnmark. Stad: Kirkenes, Vardø og Vadsø

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 3. juni
Kl. 09.15: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit møte i WTO-utvalet. Stad: UD,Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 14.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte (saman med utanriksministeren) med leiinga i ukrainsk fagrørsle. Stad: Oslo, UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 30. mai
Kl. 11.15: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter Nepalnettverket. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek digitalt på eit årleg høgnivåmøte mellom dei nordiske landa og FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur (Unesco).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 31. mai
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær er invitert til eit møte på den britiske ambassaden til samtalar med David Moran, Storbritannias Cop27-ambassadør for Europa og Richard Wood, Storbritannias ambassadør til Norge. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte med Sara Minkara, president Bidens spesialrådgjevar for USAs internasjonale arbeid med rettar til personar med nedsett funksjonsevne.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 1. juni
Kl. 11.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte med leiaren i FNs befolkningsfond (UNPFA), Natalia Kanem. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 14.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit seminar om ressursforvalting i sårbare statar med Extractive Industries Transparency Initiative (Eiti). Seminaret finn stad i Norad sine lokale.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl.16.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit digitalt toppmøte om digitale fellesgode.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl.18.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på ein middag med utanriks- og forsvarskomiteen. Middagen finn stad i regjeringas representasjonsbolig.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02