Innlegg på BIONÆR-seminaret ”Forsking og utvikling for innovasjon og verdiskaping i næringsmiddelindustrien; eit verdikjedeperspektiv”

Av: Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal

Tusen takk for invitasjonen til å kome hit i dag. Eg ser fram til å tilbringe dagen i lag med dykk her, og tykkjer de har sett i saman eit spanande og variert program der eg garantert vil høyre om ting eg aldri har høyrt om før.

Eg har no vore i Landbruks- og matdepartementet i tre og ein halv månad. Ny regjering og ny politisk leiing i Landbruks- og matdepartementet blir møtt med stor spenning og mange spørsmål når vi er ute og reiser og treff folk. Mange er veldig spent på framtida, og framtidige rammevilkår både for primærprodusentar og næringsmiddelindustri. Mest spørsmål og nysgjerrigheit møter vi innanfor jordbrukspolitikken. 

Eg har ikkje tenkt til å bruke tid i dag på å prate om norsk jordbrukspolitikk. Eg skal bruke tid på å prate om noko som eg i blant føler blir via litt for lite oppmerksemd i den offentlege debatten her i Noreg; nemleg forsking og utvikling og kva dette betyr for den viktigaste fastlandsindustrien vår; næringsmiddelindustrien.

Mange forbrukarar tenkjer ikkje gjennom kva som ligg bak av innsats for nye produkt eller nye måtar å gjere ting på. Ein ny smak eller ein ny innpakning handlar om resultat av forsking som er gjort. Ting kjem ikkje av seg sjølv, og er ofte eit resultat av innsats frå mange aktørar over lang tid. 

Eit døme på dette er Forskningsinstituttet NOFIMA som gjennom deltaking i EU-prosjektet ProSafeBeef, har kome fram til et nytt nedskjeringsmønster som aukar delen mørt kjøtt frå ein storfeskrott med rundt 30 prosent . Reknestykke frå Animalia viser at dersom norske kjøttforetak innfører nytt skjeremønster, kan dette medverke til heile 800 tonn meir biffkjøtt kvart år. Denne endringa vil utgjøre om lag 10 mill. kroner i økt inntening for bransjen.

Når eg er her så vil eg nytte høvet til å prate nokon ord om Høgre-FrP-regjeringa sitt overordna prosjekt. Det er viktig å ha med seg det overordna bilete når ein seinare går ned på enkeltområde. 

Det bør ikkje kome som ei overrasking at vi er i regjering fordi vi ønskjer endring. Politikk handlar mellom anna om prioritering av knappe ressursar, og ønskja vi å prioritere likt som den førre regjeringa, hadde vi ikkje trengt å gå inn i regjering. Det vil difor bli endringar. Endringar som vi trur på fordi vi meiner dei vil styrke økonomien. 

Denne regjeringa slår klart fast i regjeringsplattforma at vi vil styrke fastlandsøkonomien. Skal vi klare å styrke konkurranseevna i norsk økonomi, så trur vi på at vi må redusere offentlege utgifter og at vi må sørgje for lågare skattar og avgifter. 

Vi ønskjer lågare skattar og avgifter for å styrke konkurranseevna til norsk næringsliv. Vi trur også på forenkling og avbyråkratisering. Er det noko som står i vegen for å få til utvikling i norske bedrifter som ikkje treng å vere der, så skal det bort! 

Denne regjeringa har sett åtte klart definerte satsingsområde for vår regjeringsperiode. To av desse satsingsområda er ”konkurransekraft for norske arbeidsplassar” og kunnskap gir moglegheiter for alle”. Begge desse satsingsområda vil være viktige for næringsmiddelindustrien. Næringsmiddelindustrien vil sjølvsagt vere ein viktig del av dette arbeidet. 

Næringsmiddelindustrien er Norges nest største industrigrein, med over 48.000 sysselsette og 2000 verksemder over heile landet. Matindustrien sysselsett slik om lag kvar femte tilsette i norsk industri, og er viktig for sysselsetting i distrikta. 

Samla produksjonsverdi i næringsmiddelindustrien i 2012 var 171 mrd kr. Norsk næringsmiddelindustri er ein sentral del i ein av dei få komplette verdikjedene i Norge, verdikjeda for mat. Næringsmiddelindustrien tek i mot og vidareforedlar produkt frå norske matprodusentar, og slik blir næringsmiddelindustri og primærprodusentane avhengig av kvarandre. 

Samtidig veit vi at norsk næringsmiddelindustri møter stadig aukande internasjonal konkurranse. 

Ikkje minst møter den delen av den landbruksbaserte næringsmiddelindustrien som produserer bearbeida landbruksvarer, slik som pizza, yoghurt og bakarvarer, auka konkurranse frå næringsmiddelindustrien i EU. 

Dei siste 15 åra har det vore ei stor auke i import av mat- og drikkevarer, mens eksportutviklinga har vært langt meir moderat. Importverdien på «industriell» mat er anslått til 29,2 mrd. kroner i 2012. Dette er ei auke på 6,6 prosent frå 2011. 

I denne aukande konkurransen er det viktig at vi styrker konkurransekrafta til norsk næringsmiddelindustri. Eg vil no peike på noko av det eg veit blir rekna som fortrinn for norsk matvareproduksjon og matvareindustri. 

På grunn av klimatiske forhold, gode kontrollrutiner og forskingsmiljø som sikrar beredskap og kunnskap, er norsk mat i verdsklasse når det gjelder mattryggleik. 

Produksjon av trygg mat er ein forutsetning for ein konkurransekraftig landbruks- og matsektor i Norge. I ei situasjon med auka konkurranse frå verda rundt oss, vil produksjon av trygg mat av høy kvalitet, god plante- og dyrehelse og god dyrevelferd vere viktige konkurransefaktorar for den norske verdikjeden for mat.

Norge har spesielle forutsetninger og moglegheitar for matproduksjon. Vi har kaldt klima og lyse sommernetter, friske planter og dyr som gir mindre behov for sprøytemidler og medisiner, god dyrevelferd, gode forskningsmiljø, ein kunnskapsrik sektor og ein bevisst og kjøpekraftig befolkning. Alt dette gir styrke til norsk matsektor og er et viktig fundament for norsk matproduksjon. 

I eit høgkostland som Norge er forskning og innovasjon avgjerande for å vidareføre ein nasjonalt basert produksjon. Eg vil også få vise til at Matindustrialliansen (MiA) har peika på behovet for auka satsing på innovasjon og kompetanse som eit av 7 hovedpunkt for å sikre auka konkurransekraft i den norskbaserte mat- og drikkeindustrien. 

I likskap med andre sektorer har også næringsmiddelindustrien et stort potensial for vidareutvikling og ytterligere effektivisering. Konkurranseutsatte næringer er helt avhengig av å være kunnskapsbasert og fornye seg gjennom innovativ produktutvikling. Næringsmiddelindustrien må utnytte dei moglegheitane som ligger i ny kunnskap og teknologiutvikling. 

Det veit eg at veldig mange i stor grad gjer, og eg vil få peike på nokre døme på nyskaping som har skjedd dei siste åra. 

Forskarar ved Universitetet for miljø- og biovitenskap, UMB (nå Norges miljø- og biovitenskaplige universitet, NMBU) fekk i 2000 ideen om å utvikle ein betre måte å vise haldbarheit på enn tradisjonell statisk datostempling. 

Løysinga vart haldbarhetsindikatoren «Keep-it» som viser rettare haldbarheit fordi den reagerte på både tid og temperatur. Selskapet har siden jobbet målrettet med forskning og utvikling for å bringe teknologien fram til et forbrukervennlig produkt. Haldbarhetsindikatoren vil gi forbrukarane auka tryggleik om at produktet er oppbevart slik det skal, og medverke til auka bevisstheit om oppbevaring av mat.  Produktet er tatt i bruk på mellom anna kjøttdeig og laks i Rema 1000- butikker. 

Eg vil også få peike på eit døme som nok er veldig interessant for stadig meir bevisste forbrukarar, og som handlar om å sjå samanhengen mellom folkehelse, forbrukar og næringsmiddelindustri; nemleg reduksjon av saltinnhaldet i mat. 

Helsedirektoratet har som mål å redusere saltinntaket frå 10 gram til 5 gram per dag. Dette handlar om å redusere livsstilsrelaterte sjukdommar, og mange forbrukarar ønskjer at maten dei et skal vere sunn og at dei ikkje skal få i seg mykje salt frå bearbeida produkt. 

På dette området har næringsmiddelindustrien sjølv teke initiativ til å gjere forbetringar ved å finne ut korleis de kan bidra til at saltinnhaldet i produkta blir redusert.

Flere forskningsprosjekter har bidratt til å redusere saltinnholdet i maten vi et. Mellom anna SALTO – prosjektet som ledes av Stabburet AS. Her samarbeider forskere frå SINTEF fiskeri og havbruk / SINTEF materialer og kjemi, NOFIMA og NMBU tett med ulike næringsmiddelbedrifter (Mills, Tine, Espeland), Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) og NHO om å komme fram til ny kunnskap på dette området.

Prosjektet har som mål å bidra med kunnskap som kan gi 25 % mindre salt i ei rekke matvarer, mellom anna posteier, kjøttfarseprodukter, kokt skinke og ost.

Styreleder og hovedeier i Orkla, Stein Erik Hagen, var sist uke ute i media og prata om korleis konsernet arbeider for å redusere innhold av salt, sukker og fett (og da særlig transfett) i maten.  Han trakk mellom anna fram at de har redusert saltinnholdet i Grandiosa-pizzaene med 30 prosent siden 2008. Dei vil arbeide vidare med å utvikle sunnere produkter – dette krever kunnskap og kompetanse frå mellom anna slike prosjekt som SALTO.

 Auka konkurransekraft i næringsmiddelindustrien har vore prioritert i landbruks- og matdepartementet sitt forskningsbudsjett dei siste åra. Eg skal ikkje kome inn på alle finansieringsmoglegheiter innanfor forsking og alle program som finst, men eg vil kome inn på nokon. 

Landbruks- og matdepartementet er med på å finansiere BIONÆR-programmet i Forskingsrådet. Programmet sine ansvarsområde er jordbruks-, skogbruks- og naturbaserte verdikjeder, og sjømat.

BIONÆR sitt hovudmål er å utløyse forsking som bidreg til auka, meir lønnsam og bærekraftig produksjon i de biobaserte næringane. Programmet finansierer fleire prosjekt der næringsmiddelindustrien er med. 

I tilegg til Forskingsrådet sitt BIONÆR- program, kan næringsmiddelindustrien søke midlar frå fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL) og Forskingsmidler over Jordbruksavtalen (JA-midler).  

Norske landbruks- og matfaglige miljøer kan også søke om midler frå EUs nye rammeprogram for forskning og innovasjon, Horisont 2020. Her er det store moglegheit til å få midler til forskning også for norske bedrifter og eg oppfordrar både forskarar og bedrifter til å nytte denne moglegheita. 

Regjeringa ønskjer å stimulere til auka innovasjon og i Sundvollenerklæringa understreka mø behovet for at næringslivet sjølv tek større ansvar for eige forsking. 

Vi ønskjer å legge betre til rette for at næringslivet skal kunne ta dette ansvaret, mellom anna ved å styrke Skattefunn og gaveforsterkningsordningen, og utvide Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) og nærings-PhDer. 

Eg vil også få peike på dei moglegheitane som ligg i nærings-Ph.D. Slik eg ser det er det tre partar som nyter godt av denne ordninga: Bedriften får ny kompetanse og bedre kontakter innenfor akademia. Den gradsgjevande forskningsinstitusjonen  får ny næringslivsrelevant kunnskap og bedriftskontakt. OG kandidaten sjølv får både doktorgrad og forskningsrelatert arbeidserfaring. Bedrifter som inngår avtale om Nærings-Ph.D. får eit årlig økonomisktilskudd frå Norges forskningsråd som tilsvarer 50 prosent av stipendiatsatsen i tre år. Det er ei føresetnad at kandidaten som blir tilsett blir tatt opp på et ordinært doktorgradsprogram. 

Matindustrien har understreka behovet for rekruttering til bedriftene. Dette kan jeg ikke komme nærare inn på i dag, men næringskjedene er ei moglegheit for bedriftane til å skaffe seg meir kompetent arbeidskraft. 

Også landbruks- og matforskningen skal i større grad utløyse innovasjon og verdiskaping. I tilleggsproposisjonen gjorde vi derfor ein omprioritering innenfor støtten til forskning og innovasjon. 

For 2014 blir det sett av 5 mill. kr over ein ny post som skal gå til å etablere inkubatorer i regi av Selskapet for industrivekst (SIVA) ulike plassar i landet. 

Inkubatorer er ei ”fødestue” for nye bedrifter. Gjennom deltaking her får gründere tett oppfølging frå personer med lang erfaring frå etablering av nye verksemder. 

Eg må få understreke at det er ikkje eg eller regjeringa som sørgjer for vekst i næringsmiddelindustrien. Det er heller ikkje vi som forsker eller sørgjer for innovasjonar. Det er dykk som næringslivsaktører som skal gjere denne jobben. 

Vi som politikarar kan leggje forhold til rette og sørgje for at det er gode rammebetingelser for å drive med utvikling. Både ved å forenkle, redusere utgifter og sørgje for at de står dykk godt i den internasjonale konkurranse. MEN at forskinga blir omsatt til verdiskaping og vekst er det de som har hovudansvar for. 

Det er viktig at næringsmiddelindustrien utnytter seg av dei ordningane som ligg der for forsking og utvikling. Så er vi lydhøre for attendemeldingar om kva som kan bli betre og kva vi som politikarar kan gjere for at næringsmiddelindustrien skal stå seg betre i den internasjonale konkurransa. 

Eg ser fram til vere her i lag med dykk i dag og til å høyre om både satsing på nye potetsortar, innovasjonar i Norsk matraps, emballasje, gourmetkvalitet på ferdigrettar og tittelen som fenga meg mest: ”Med fokus på det molekylære – superknask for alle”. 

Lykke til med arrangementet og med framtida!