Investeringar i forsvarssektoren

Stortinget har gitt si godkjenning til fleire nye investeringsprosjekt på Ørland og Porsangmoen. Stortinget har mellom anna og sagt ja til å få skaffe fleire sjømålsmissil til korvettane i Sjøforsvaret og å oppgradere F-35-flya.

Utbetring av hovudrullebanen på Ørland flystasjon

Asfaltlag på den opphavelege delen av hovudrullebanen har skadar etter fleire års bruk av kjemikaliar for avising av banedekket. Det er difor nødvendig å fornye banedekket på denne delen av rullebanen for å unngå fare for skade på personell og materiell. Det er og behov for å utbetre tryggingsområdet på denne delen av rullebanen. Vidare vert baneskuldrane i heile banelengda utvida slik at den totale banebredda tilfredsstiller krava til landing av større fly. Prosjektet si kostnadsramme er 487 millionar 2021-kroner.

Bustadar på Porsangmoen

Stortinget har vedteke å etablere ein kavaleribataljon på Porsangmoen og å samle Hæren og Heimevernet sine avdelingar i Finnmark under ei felles leiing. Det er difor behov for bustadar og forlegningar for å huse det auka talet på tilsette og vernepliktige. Prosjektet omfattar kjøp av 19 bustadar, bygging av 72 nye befalskvarter og ein ny mannskapsforlegning for 192 vernepliktige. Kostnadsramma for prosjektet er 360 millionar 2021-kroner.

Nye sjømålsmissil til Skjold-klassen

Avgjerda i den nye langtidsplanen for forsvarssektoren om å vidareføre korvettane i Skjold-klassen, for å kompensere for tapet av fregatten KNM Helge Ingstad, gjer det nødvendig å supplere behaldninga av NSM-sjømålsmissil for å oppretthalde den operative evna til fartøya. Den nye kostnadsramma for prosjektet vil dermed omfatte to element: Hovudvedlikehald av eksisterande NSM-behaldning og ei suppleringsanskaffing, med ei kostnadsramme på 2,140 milliardar kroner.

Oppgradering av F-35-flya

Avgjerda til Stortinget om innkjøp av F-35 jagarfly blei fatta i eit levetidsperspektiv. Gjennom partnarskapsavtalen skal Noreg bidra til vidareutviklinga av F-35-våpensystemet. Dette prosjektet inneber at Noreg oppgraderer våpensystemet ved å følgje det fleirnasjonale partnarskapet sin felles plan for oppgraderingar. Planen omfattar dei oppgraderingane som blir utvikla i perioden frå og med 2026 til og med 2030 og som er planlagd ferdig innført innan utgangen av 2035.

Formålet med desse oppgraderingane er å oppretthalde kampflykapasiteten gjennom utvikling av felles forsvarsevne for å gje eit operativt overtak mot dei trugsmåla som kan kome. Med ein felles konfigurasjon på våpensystemet F-35 saman med dei andre nasjonane i partnarskapet, får vi ei felles og effektiv forvalting av systemet. Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 6,341 milliardar 2021–kroner.