Pressemeldingar

Klarspråksprisen: Her er årets vinnarar!

Gjennom ei heilskapleg satsing på klarspråk leverer Miljødirektoratet og Sunnfjord kommune betre tenester til innbyggjarane. – Eit viktig demokratitiltak, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Statssekretær Gunn Karin Gjul (f.v.) delte ut Klarspråksprisane. Assisterande kommunikasjonsdirektør Guri Sandvik og kommunikasjonsdirektør Kjetil Hillestad tok imot prisen på vegner av Miljødirektoratet, og ordførar Jenny Følling og Malin Moldestad tok i mot på vegner av Sunnfjord kommune.
Statssekretær Gunn Karin Gjul (f.v.) delte ut Klarspråksprisane. Assisterande kommunikasjonsdirektør Guri Sandvik og kommunikasjonsdirektør Kjetil Hillestad tok imot prisen på vegner av Miljødirektoratet, og ordførar Jenny Følling og Malin Moldestad tok i mot på vegner av Sunnfjord kommune. Foto: KS

Det er femte gong Klarspråksprisen blir delt ut av Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). Utdelinga skjedde på konferansen Klart språk 2023.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik seier at klart språk er avgjerande for å tilby brukarvennlege tenester til innbyggjarar over heile landet. Han gjev ros til alle som bidreg til klarspråkinnsatsen i stat og kommune.

– Arbeidet med klarspråk heng saman med sjølve kjernen i demokratiet vårt. For at den einskilde skal forstå sine rettar, rekkevidda av vedtak og ivareta sine interesser, er det svært viktig at informasjon og vedtak frå offentlege etatar og organ er forståeleg, seier Gjelsvik.

Klarspråkprisane går til aktørar i offentleg sektor som har gjort ein ekstraordinær innsats på feltet. KDD deler ut to klarspråkprisar i år. Medan Miljødirektoratet fekk «Klarspråksprisen for staten», gjekk “Klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar» til Sunnfjord kommune.

– Verdifull anerkjenning

– Det er utruleg gøy å få anerkjenning for alt arbeidet som er lagt ned dei siste åra. Denne prisen går til mange i Miljødirektoratet – han går til saksbehandlarar, juristar, leiarar, arkivarar og kommunikasjonsrådgivarar. Klart språk er effektiviserande, både for oss internt og for mottakarane, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

– Det er sjølvsagt stor stas å få denne prisen. Dette gir oss god motivasjon i vidare arbeid. Denne standarden som no er sett, den må vi halde framover. Dette er arbeid som vi aldri blir ferdige med, så det å ha med seg denne inspirasjonen er veldig verdifullt, seier kommunedirektør Terje Heggheim i Sunnfjord kommune.

Miljødirektoratet: “Eit førebilde for klart språk”

Kvart år skriv Miljødirektoratet tusenvis av vedtak, høyringar og brev. Då direktoratet i 2021 spurde målgruppene sine om kva dei tykte om den skriftlege kommunikasjonen, var tilbakemeldingane til dels nedslåande. Lesarane hadde problem med å forstå dei lange og omfattande tekstane. Noko måtte gjerast.

Med direktør Ellen Hambro i spissen, sette Miljødirektoratet i gang eit omfattande klarspråkprosjekt. Eit tverrfagleg språkteam beståande av juristar, arkivarar og kommunikasjonsfolk vart sett til å gjennomføre arbeidet. 

Med fagfolka på laget sette språkteamet opp malar tilpassa ulike typar kommunikasjon innan alt frå jakt, fiske og viltforvaltning til vern og forureining. Resultatet er kortare og klarare tekstar der det viktigaste - vedtaket - kjem aller først.

– Me får tilbakemeldingar om at vedtaka er lettare å forstå. Saksbehandlarane og leiarane bruker kortare tid. Fagfolk, juristar og kommunikasjonsrådgivarar har lært av kvarandre og funne løysingar saman. Satsinga har auka forståinga for kvifor klart språk er viktig og at det er nyttig verktøy i arbeidskvardagen, seier Kjetil Hillestad, kommunikasjonsdirektør.

Direktoratet har òg etablert ein skriveverkstad og gjennomført språkkurs for eit 20-tal tilsette. Her blir dei tilsette bevisstgjorde på kva teksten skal brukast til og kven han er meint for.

Juryen rosar Miljødirektoratet for å ha jobba skikkeleg, ryddig og ordentleg med klarspråk.

“Arbeidet er forankra i leiinga, og det er sett av ressursar til ein ekstern samarbeidspartner som hjelper til med språkarbeidet. Dette er ei verksemd som har det meste i orden, og som er eit førebilde for andre. Brukarane blir stilt så presise spørsmål at ein finn ut akkurat kvar skoen trykker – og det som ikkje fungerer, blir forbetra. Prisvinnaren viser at systematisk arbeid med klarspråk gir gode resultat, til beste for samfunnet og innbyggjarane: deg og meg,” skriv klarspråkjuryen i uttalen si vurdering.

Sunnfjord kommune: Byggjer kommunen på god norsk

Noko av det første den nye Sunnfjord kommune gjorde var å vedta ein språkprofil. Frå første stund var arbeidet med klart språk forankra hos kommunedirektøren. Ei eiga arbeidsgruppe gjorde undersøkingar og kartleggingar for å involvera både tilsette og innbyggjarar for å finna ut kvar skoen trykte. 

Basert på denne innsikta sette arbeidsgruppa i gang ei rekkje tiltak for å hjelpa dei tilsette i kommunen med å bruke språket betre, mellom anna malar og sjekklister. Ein fast språkkviss har vorte eit populært innslag, og er med på å bevisstgjera alle som jobbar i kommunen. I tillegg gjennomførte arbeidsgruppa eit eige prosjekt i barnehagesektoren. Både leiarar og pedagogar deltok på språkkurs, og tilbakemeldingane har vore gode.

– Undersøkingane blant dei tilsette dei siste åra viser at dei tilsette i stor grad opplever at dei meistrar klart språk og prioriterer dette. Eksterne undersøkingar viser at innbyggarane i stor grad forstår informasjonen frå kommunen, og har tillit til den. Vi ser også at tydleg kommunikasjon frå kommunen gir mindre telefonar. Der er det store gevinstar å hente, seier Anette Sollid, som jobbar med kommunikasjon og digitalisering i Sunnfjord kommune.

Klarspråksjuryen meiner kommunen har tenkt rett og handla klokt.

«Kommunen såg tidleg at språkarbeid var ein måte å byggje ei ny og god verksemd på. Arbeidet er forankra godt internt med ei eiga klarspråksgruppe som rapporterer til kommunedirektøren. Klarspråk er sett i samanheng med strategiar for digitalisering og kommunikasjon. Kommunen utfører og tek lærdom av brukarundersøkingar både internt og eksternt. Godt språk er ein del av demokratiet, og dei tilsette veit at det er ein demokratisk rett for innbyggjarane å forstå informasjon frå kommunen,” står det i vurderinga til juryen.