Historisk arkiv

Klima- og miljøministeren deltar på globalt toppmøte om hav og klima

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Stad: Digitalt møte

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) deltar på eit FN-støtta globalt møte om hav og klima med John Kerry som hovudtalar.

Det digitale møtet er del av førebuingane til USA-president Joe Biden sitt statsleiarmøte om klima som går føre seg 22. og 23. april.

Det FN-støtta formøtet har deltaking frå generalsekretær Antonio Guterres i FN, John Kerry, tidlegare visepresident og no USA sin spesialutsending for klima, og ministrar frå ei rekke land, deriblant Noreg.

Hovudtema på møtet er korleis havbaserte klimaløysingar kan bidra til netto null klimautslipp. slik at verda kan nå måla som er sette i Paris-avtalen.

Les meir om programmet her.