Historisk arkiv

Klima- og miljøministeren møter Ocean Space Center

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Stad: Digitalt møte

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) møter Ocean Space Center for å få informasjon om planlagde forskingsprosjekt i Mjøsa.

NTNU har eit breitt fagmiljø som i ei årrekke har markert Noreg sin posisjon innan marin og maritim forsking.

For å sikre dette vidare har Regjeringa vedteke å bygge m.a. Ocean Space Center (OSC) i Trondheim. Som ein del av denne satsinga skal det etablerast Fjordlab Ålesund, Fjordlab Hitra og Fjordlab Trondheimsfjorden. Ønsket er at kompetansen som er utvikla  gjennom havforsking bør - utvidast til dei store innsjøer. NTNU ønsker difor å etablere Fjordlab Mjøsa, med base i NTNUs Campus på Gjøvik.

Mjøsa er Norgeg sin største ferskvassressurs, og er drikkevasskilde for fleire hundre tusen innbyggarar.

Mjøsa har og gjennom historia blitt brukt som søppelplass, og det er dumpa store mengder ammunisjon frå Raufoss.