Historisk arkiv

Klimatoppmøte i Paris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Paris

Statsminister Erna Solberg vil, saman med klima- og miljøminister Tine Sundtoft og utanriksminister Børge Brende, representere den norske regjeringa under klimaforhandlingane i Paris.

Måndag 30. november skal statsminister Solberg delta på den offisielle opninga av forhandlingane. Frankrikes president François Hollande er vertskap. Under opninga vil statsministeren halde Noreg sitt hovudinnlegg under partsmøtet (COP21).

Same dag skal Solberg møte statsleiarar frå andre land som er viktige i det internasjonale skogsamarbeidet, mellom anna Brasil, Colombia, Storbritannia og Tyskland. Ho skal òg delta på lanseringa av ei kunngjering frå ei gruppe land som arbeider for reform av subsidier til fossile drivstoff ("Friends of Fosil Fuels Subsidy Reform").

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft vil vere til stades 30. november og 1. desember, samt frå 4. desember til forhandlingane er ferdige. Utanriksminister Børge Brende vil vere til stades i perioden 4. til 7. desember. Meir informasjon om programmet til dei to statsrådane kjem seinare.

Pressekontakt for statsministeren: Trude Måseide, telefon 957 26 510.
Pressekontakt for klima- og miljøministeren: Erik Aasheim, telefon 402 24 747.
Pressekontakt for utanriksministeren: Veslemøy Lothe Salvesen, telefon 99 56 85 84.