Kommunalministeren inviterte til møte om leigemarknaden

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Presset på leigemarknaden har vore høgt den siste tida. Leigeprisane har auka uvanleg mykje, og mange opplever det utfordrande å finne ein trygg og god stad å leige. 12. august samla kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik sentrale aktørar for å finne ut kva som kan gjerast for å auke talet på utleigebustader og sikre gode buforhold for leigetakarane.

Sigbjørn Gjelsvik og aktørane frå møtet
12. august møtte kommunal- og distriktslminister Sigbjørn Gjelsvik sentrale aktørar i utleigemarknaden

Nesten ein million nordmenn leiger bustaden sin, og talet har auka dei siste åra. Vi har eit stort antal ansvarsfulle private utleigarar i Noreg, som legg til rette for at leigetakarane bur godt, med gode og trygge buforhold.

Samstundes er det fleire utfordringar å ta tak i. Leigetakarar har høgare risiko for å ha høge bu-utgifter og ustabile buforhold, samt manglar ved bustaden sin, som til dømes mugg og sopp. Fleire stader er tilbodet av leigebustader lite. Presset på leigemarknaden er særleg høgt i dei store byane for tida, som forsterkar dei utfordingane vi ser over tid.

– Det er stressande å ikkje vite om ein har ein stad å bu når studiane startar. Eg forstår òg at både låginntektsfamiliar og mange andre uroer seg for økonomien framover, seier kommunal- og distriktsministar Gjelsvik.

Kommunalministeren inviterte derfor sentrale representantar for utleigarane og leigetakarane til å drøfte moglege løysingar på kort og lang sikt. Med på møtet var Norsk Eiendom, Leigebuarforeininga, Huseigarane, Forbrukerrådet, Norsk studentorganisasjon, Steinar Moe Eiendom, Heimstaden, Svill eigendom og Finn.no.

Deltakarane hadde viktige vurderingar om dagens leigemarknad og kva som bør gjerast for å betre situasjonen. Innspela handla mellom anna om korleis tilbodet av leigebustader kan bli større, og kva som kan bidra til at leigetakarar og utleigarar får riktig informasjon til rett tid.

– Eg vil at det skal vere enkelt å leige ut bustader på ein trygg og god måte. Da må det mellom anna vere lett å finne fram til god informasjon om ein utleigebustad er lovleg og trygg, seier Gjelsvik.

Møtet var startskotet for vidare samarbeid og dialog. Departementet vil mellom anna undersøke nærmare kva som skal til for å få fleire utleigarar på bana. Departementet kartlegg også behova for endringar i husleigelova. Regjeringa vil føre ein aktiv bustadpolitikk, og vil jobbe for å sikre rettane til leigetakarane og gode buforhold. Departementet har starta opp arbeidet med ei ny stortingsmelding om ein heilskapleg bustadpolitikk. Leigemarknaden vil bli eit viktig tema i arbeidet.