Forsida

10 milliardar i koronakompensasjon til kommunar og fylker i 2022

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Kommunal- og distriktsdepartementet betaler ut nær 8 milliardar kroner i koronakompensasjon til kommunar og fylkeskommunar før jul. Saman med tidlegare utbetalte beløp, gjev dette meir enn 10 milliardar kroner i kompensasjon til kommunesektoren i 2022. – Det er gledeleg at stortingsfleirtalet har slutta seg til regjeringa sitt forslag om å kompensere kommunane fullt ut for koronautgifter i 2022, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Koronaarbeidsgruppa talfesta i sin rapport at kommunesektoren hadde 8,8 milliardar kroner i meirutgifter og mindreinntekter i samband med koronapandemien i 2022. I tillegg kjem mellom anna kostnader til TISK-beredskap (testing, isolering, sporing og karantene), samt vaksinasjon, som også vert kompensert.

− Kommunane og fylkeskommunane hadde mange ekstra utgifter gjennom pandemien. No held vi det vi har lova om å kompensere kommunesektoren fullt ut. Vi kompenserer òg for dei ekstra utgiftene dei har hatt som følgje av avtalen mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane om høgare kompensasjon for overtid, seier Gjelsvik.

Av utbetalinga på 8 milliardar kroner som no kjem, går ca. 7,2 milliardar kroner til kommunane og 737 millionar kroner til fylkeskommunane.

Av midlane til kommunane blir 4,9 milliardar kroner fordelt etter talet på innbyggjarar i kvar kommune. 2,077 milliardar kroner vert fordelt som skjønstilskot, etter at det er lagt til 77 millionar kroner ekstra frå skjønnsmidlane departementet disponerer. Skjønstilskotet er fordelt til kommunane i samarbeid med statsforvaltarane. I tillegg blir det utbetalt 264 millionar kroner til koronavaksinasjonsprogrammet for fjerde dose.

Fylkeskommunane får 400 millionar kroner som koronakompensasjon, utbetalt etter talet på innbyggjarar. Attståande midlar på om lag 260 millionar som har blitt løyva tidlegare utbetalast no med eit likt beløp per innbyggjar, og inngår som ein del av den samla koronakompensasjonen til kommunesektoren. I tillegg blir ytterlegare 76,8 millionar kroner for inntektsbortfall i kollektivtrafikken utbetalt gjennom skjønnsmidlar. Dermed er fylkeskommunane fullkompenserte for inntektsbortfallet i kollektivtrafikken.

Sjå tabell for samla oversikt over koronakompensasjon til kommunesektoren i 2022.

Tabell: Midlar til dekking av koronautgifter i kommunesektoren – i mill. kroner

 

Utbetaling desember 2022

Samla 2022

Kommunane:

7 241

8 155

Koronakompensasjon - innbyggjartilskot

4 900

4 911

Koronakompensasjon - skjønstilskot

2 077

2 077

Vaksinasjonsmidlar

264

967

TISK-beredskap

 

200

Fylkeskommunane:

736,8

1 923

Koronakompensasjon - innbyggjartilskot

400

400

Inntektsbortfall kollektiv - skjønstilskot

336,8

1 523

Samla

7 978

10 077

Alt i alt blir det no utbetalt om kjem på konto til kommunane og fylkeskommunane 23 desember.

Sjå oversikt over utbetalingar til kvar einskild kommune og fylkeskommune:

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no