Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kraftig auke i antal psykologar i kommunane

Antal psykologar i kommunane har auka betrakteleg, med nærare 400 sidan 2013.

Ein ny rapport frå SINTEF syner at tilskotsordninga til psykologar i kommunane har vore avgjerande for den store auken. Ved utgongen av 2018 ble det gjeve tilskot til om lag 550 psykologstillingar. Tilsvarande tal i 2013 var 179 psykologstillingar.

- Dei aller fleste som får psykiske helseproblem, får det i ungdomsåra. Det er med på å bidra til sosiale helseforskjellar som varer livet ut. For å redusere forskjellane er det avgjerande at vi klarer å jobbe meir førebyggande og komme tidligare inn når nokon har det vanskeleg. Regjeringa har prioritert å styrke psykologkompetansen i kommunane, og eg er glad for at tilskotsordninga har gjeve resultat, seier helseminister Bent Høie. 

Rapporten syner at tilsette i kommunane meiner at psykologane har styrka kvalitet og kompetanse i dei kommunale tenestene. Psykologane bidreg både til å styrke det helsefremjande og førebyggande arbeidet, og i oppbygginga av lågterskel behandlingstilbod. Tilsette i kommunane skildrar psykologkompetansen som særs nyttig når psykologane samarbeider med og veileder andre yrkesgrupper i kommunen. 

Frå 1. januar 2020 er det eit krav at alle kommunar skal ha psykologkompetanse. I år er difor siste året kommunane kan motta tilskot frå staten til å rekruttere psykolog. SINTEF-rapporten syner at blant kommunane som ikkje har tilsett psykolog, meiner 83 prosent at dei har hatt behov for psykologkompetanse i sin arbeidskvardag.

- Det er behov for kompetansen til psykologane i kommunen. Vi har difor heldt fram å styrke tilskotsordninga, slik at alle kommunar skal kunne rekruttere psykolog innan lovkravet trer i kraft. Det er viktig at kommunar som endå ikkje har psykolog nyttar tilskotsordninga, seier Høie.

I budsjettet for 2019 auka regjeringa løyvinga til psykologar i kommunane med 50 millioner kroner, tilsvarande om lag 120 nye årsverk. Samla vert det løyva 205 millionar kroner.

Last ned rapporten (PDF). 

Til toppen