Kulturdepartementet har fått delrapportar om pandemiens konsekvensar for kulturlivet

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Pandemien har medført store konsekvensar for kunst- og kulturlivet. Kulturdepartementet har bedd Norsk kulturråd og Norsk filminstitutt om å kartlegge og analysere konsekvensane for sektoren.

Oppdraget inkluderer å utarbeide eit framlegg til plan for kulturpolitiske verkemiddel som kan brukast i møte med utfordringar og å utvikle moglegheiter i tida som kjem. Kulturrådet og Norsk filminstitutt har levert følgande delrapportar i 2021 og vil levere sluttrapport i april 2022.

Delrapport 1. juli 2021: Pandemiens påvirkning på publikum og Gjennomgang av kompensasjonsordningen for arrangører og underleverandører i kultursektoren og stimuleringsordningen for kulturlivet 

Delrapport 16. desember 2021: Kunnskapsoppsummering – konsekvenser av pandemien i kultursektoren og tiltak for gjenoppbygging, Kunstnerne og koronapandemien og Kartlegging av kommunale og fylkeskommunale tiltak rettet mot kultursektoren for å avbøte konsekvensen av koronapandemien.

Departementet har òg fått notatet Kunnskapsinnhenting og foreløpige funn.

Sluttrapporten kjem i april 2022. 

Rapportane finn du samla her