Historisk arkiv

Kulturdepartementet strammar inn Norsk Tippings marknadsføring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Frå 1. januar 2021 får Medietilsynet moglegheit til å stansa TV-reklame frå utanlandske pengespelselskap. Kulturdepartementet strammar frå same dato òg inn på retningslinjene for Norsk Tippings marknadsføring.

Medietilsynet vil frå 1. januar kunna pålegga norske distributørar å stansa TV-reklame for pengespel som ikkje har løyve i Noreg. Når det blir mindre ulovleg pengespelreklame på TV, må òg Norsk Tipping redusera marknadsføringa si, sidan den skal vera avgrensa til det som er nødvendig for å kanalisera forbrukarane inn mot sikre og forsvarlege speletilbod.

Dei nye retningslinjene vil mellom anna innebera at verkemiddelbruken i Norsk Tippings marknadsføring av høge gevinstar og pengar til gode formål blir tona ned. Dei nye retningslinjene aukar òg krava til ansvarleg marknadsføring. Mellom anna blir det innført eit krav om at marknadsføring av speletilbodet skal innehalda kontaktinformasjon til Hjelpelinja.

Innføringa av Medietilsynets nye verkemiddel for å stansa pengespelreklame på TV og etterfølgjande innstrammingar i retningslinjene til Norsk Tipping er ein del av regjeringa sitt førebyggande arbeid mot pengespelproblem. Universitetet i Bergens befolkningsundersøking «Omfang av penge- og dataspelproblem i Noreg i 2019» viser ein auke i pengespelproblem samanlikna med den førre undersøkinga frå 2015. I rapporten blir det skissert at auka reklameeksponering og påverknad frå reklame kan vere ei mogleg årsak til auken.

– Det er alvorleg at pengespelproblema i befolkninga aukar, og vi jobbar med ei rekke tiltak for å snu denne trenden.  Moglegheita til å stoppe TV-reklame frå utanlandske pengespelselskap er eit viktig tiltak i arbeidet med å førebygga speleproblem. Med mindre pengespelreklame på TV, kan vi òg stramma inn på retningslinjene for Norsk Tippings marknadsføring, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Norsk Tipping har lenge vore underlagt strenge retningslinjer som skal sikra ansvarleg marknadsføring. Mellom anna har det ikkje vore tillate å marknadsføra spel med høg risiko for speleavhengnad, som kasinospel. Dei nye retningslinjene for marknadsføring gjeld frå 1. januar 2021. Retningslinjene gjeld òg for Norsk Rikstoto og er vedtatt saman med Landbruks- og matdepartementet.

Les dei nye retningslinjene